
Agatunet er i 2019 ope dagleg (open daily) 10-17 frå 6/5-1/9. Me opnar for gruppar og andre besøkande heile året, etter avtale. (All year upon appointment.
30 av bygningane vart freda i samband med jordskiftet i 1938. Dei siste 20 åra har tunet vore ope for publikum i sommarhalvåret, med omvising, kafé, utstillingar, konsertar, servering og arrangement.Det har truleg budd folk her i over 3700 år. Det finst fornminne både i og utanfor tunet, som til dømes gravhaugar, offergroper og helleristingar.
Det eldste noverande huset er Lagmannsstova, som vart bygd rund 1250 av riddaren, riksråden og gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvson. Saman med stova var det bygd med eit kapell. Lagmannsstova var bygd som eit administrasjonsanlegg etter europeisk model, og vart nytta som representasjonsbustad. I dag er Lagmannsstova det einaste huset i sitt slag i Noreg.
Sigurd Brynjulvson drukna i 1303, og då vart garden delt mellom døtrene hans. Seinare har han vore delt fleire gonger til 9 bruk. På det meste var det ni bruk, 16 husmannsplassar og om lag 200 innbyggjarar i og utanfor tunet.
Garden har vore sentral når det gjeld fruktdyrking, handel over Hardangervidda og jaktefart til Bergen og Nord-Noreg. På det meste hadde seks jakter tilknyting til garden.
Garden har hatt kapell ( rive i 1811), skule, landhandelsmann, postkontor og telegrafstasjon. Dei særeigen skifertaka er frå Sollesnes i Jondal. Ein del utmarkshus, stølen, naustrekkja og nokre husmannsplassar er framleis i godt stand. Den over 300 meter lange og 17 meter høge skredvollen oppe i lia, som vart bygd i 2000, er og eit flott syn.
Agatunet
32 meter
Forelska meg i Agatunet ved første besøk! Idyllisk og interessant plass å besøke, med...
Agatunet
32 meter
Ein stor opplevelse. Etter tidsplan 1,5 time ble til 3 Fantastisk flott guiding med h...
Agatunet
32 meter
Ein stor opplevelse. Etter tidsplan 1,5 time ble til 3 Fantastisk flott guiding med h...Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler