Velkomen til Aktiv X-fit Ørsta!
Variert, funksjonell og høgintensiv trening. Eit godt treningsfellesskap med fokus på aktivitetssglede og lagkjensle!
Vi er ein del av Aktiv trening Ørsta i Ivar Aasengate 10. Hjå oss er alle velkomne, uavhengig av fysisk form, alder eller kjønn.
X-fit er ei treningsform med fokus på variert og heilskapleg trening, utført med høg intensitet.
Variasjon viser til at ei treningsøkt vil variere innan arbeidsmetode, lengde, repetisjonar, belastning, distanse og øvingar. Variasjonen gjer treninga kjekk og motiverande, samstundes som ein får stor glede av å meistre stadig nye utfordringar og målsetjingar. Ved å setje saman vektløfting, gymnastikk og kondisjonstrening, ønskjer vi å oppnå god helse og en funksjonell kropp. Målet er å betre alle fysiske eigenskapar - som uthald, styrke, koordinasjon, balanse, mobilitet og spenst.
Vi nyttar øvingar og rørsler som fell naturleg for kroppen, og som kan overførast til fysiske utfordringar i kvardagen. Funksjonelle rørsler går over flere ledd, og involverer fleire muskelgrupper. Dette gir effektiv og intensiv trening.
Høg intensitet tyder at vi jobbar hardt, og i eit høgt tempo. Men ein må først meistre teknikk, før man kan øke fart, distanse og motstand.
Timen startar med god oppvarming og mobilitetstrening, og vidare teknikktrening. Etterpå tek vi dagens WOD (Workout of the day) som er ulik frå dag til dag. Selve WODen varer normalt mellom 5-30 minutt. Av og til jobber vi først med rein styrke, og avsluttar med ei kort og intensiv økt. Andre gonger er det ei kontinuerleg intensiv økt, som varer nærare 30min. Heile økta tek til saman 60 min.
X-fit høver for alle som likar allsidig utfordring. Kvar økt blir tilpasset og skalert, slik at alle har moglegheit til å gjennomføre økta med godt treningsutbytte. Einskilde økter gjennomførast individuelt, medan andre er i team med to, eller fleire på lag.
På Aktiv X-Fit ønskjer vi å skape eit trygt og godt fellesskap der meistringsgledeog lagkjensle står i fokus. Difor heiar vi alltid på kvarandre!
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler