facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Arna kyrkjelyd

Arna kyrkjelyd

Info

Her får du informasjon om det som skjer og har skjedd i Arna kyrkjelyd. Telefon: 55 36 22 70 E-post: [email protected] Besøksadresse:Lakslia 21, 5261 Indre Arna

Historie

Kyrkja vår ligg rett ved togstasjonen i Indre Arna, og har du først kome deg til Indre Arna, kan du ikkje unngå å leggje merke til kyrkja.
Skulle du likevel lura på korleis du kjem deg hit, fylgjer beskriving av ulike alternativ nedanfor:

Frå Bergen sentrum (med tog):
Ta toget rett gjennom tunnellen frå Bergen sentrum. Arna stasjon er første stopp på andre sida av tunnellen.
Turen tar godt og vel 8 minutt, og kostar for vaksne kr. 35,- ein veg.
Toget går kvar halvtime kvardagar og laurdagar, og kvar time på sundagar.
Rutetabell fins på NSB sine heimesider.

Frå Trengereid og heilt opp til Voss (med tog):
Ta toget frå der du bur og gå av på Arna stasjon. Rutetabell finn du på NSB sine heimesider.

Med buss:
Det går ei rekkje bussar til Arna:
Frå Bergen sør/Nesttun, kan du ta buss nr. 90
Frå Bergen nord/Åsane, kan du ta buss nr. 91, 200, 740 og 925

Dersom du heller ynskjer å kjøyre din eigen bil, så kan du sjølvsagt det og:
Kjem du frå Bergen sentrum eller Bergen nord, så er det berre å fylgje E16 mot Voss. Du kan ikkje unngå å leggje merke til skilta til Indre Arna.
Har du plutseleg fjorden og ei hengjebru på venstre side, så har du køyrd litt for langt.

Kjem du frå Nordhordland, så fylgjer du E39 til du kjem til Vågsbotn. Då tar du mot venstre i rundkjøringa og fylgjer så E16 heilt til du kjem til Arna.

Kjem du får Voss, Trengereid eller innover mot Hardanger, fylgjer du E16 mot Bergen. Når du kjem ut frå Arnanipatunnellen er du i Indre Arna.

Frå Bergen sør/Nesttun, køyrer du Riksveg 580 (Hardangervegen) heilt til denne tek slutt i første rundkjøring etter TORO-fabrikken. Denne rundkjøringa må du køyre rett frem i, ellers havnar du inn på vegen mot Voss.

Hjarteleg velkommen til oss!

Adresse: Lakslia 21, 5261 Indre Arna, Hordaland, Norway
Telefonnummer: +4755362270
By: Indre Arna
Rute: Lakslia 21
Postnummer: 5261



relaterte søk: Arna kirke kommende aktiviteter, Ytre Arna kirke, Arna kyrkje Facebook
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler