
Askeland Kunstnargard for den UNIKE opplevinga!
Askeland Kunstnargard er ein aktiv gard som vert drevet av songar/Skodespelar og Coach Linda Fosse og Motorsagkunstnar Arne Askeland.
Dei tilbyr ulike kurs og underhaldning for bedrifter og private.
Garden har vore i Arne si slekt, i alle fall sidan 1500-talet. Da er så langt ein kan følgja bøkena.
Begge er aktive personar med mange jern i elden.
Garden har vorte eit ynda mål for grupper som søkjer den UNIKE og personlege opplevinga.
Dei har etablert "Kulturstopp" på garden.
Her får gjestane oppleva eit personleg møte med to kunstnara som føl sine draumar på ein solvendt, roleg gard berre eit "steinkast" frå allfarveg.
Garden huser i tillegg villsau, skotske høglandsfe og nordlandshestar og er den einaste Debio-godkjente Økologiske garden på Osterøy.
Askeland Kunstnargard ligg ved Haus på Osterøy, 40 min frå Bergen sentrum.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler