facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Aurdalskyrkja

Aurdalskyrkja

Info

Aurdalskyrkja vart vigsla 22. februar i 1737

Historie

Kyrkjebygget er som vanleg orientert i himmelretningane med altaret mot aust. Krossformen var mykje brukt på 1700-talet, og var høveleg då byggematerialet var tømmer. Byggmeistar var "Svend kirkebygger" Trådset. Han bygde òg Bagn kyrkje. Aurdal kyrkje vart vigsla 22. februar 1737 av prost Abelstedt. Sokneprest Peder Joachim Christophersøn Landt hadde vore pådrivar og byggjeleiar. Han er balsamert og ligg gravlagd under kyrkjegolvet ilag med eitt av borna sine.
Interiøret i kyrkja har gått gjennom ein del endringar i løpet av sine 270 år, men framstår likevel med hovudtrekka frå tida då ho var ny.

Stilen på altartavla er kalla "blomsterbarokk" og går att i ei rekkje altartavler frå sama periode. Det næraste førebiletet er truleg altartavla i Fluberg kyrkje, men her i Aurdal har ein brukt eit gamalt krusifiks frå stavkyrkja som sentrumsmotiv. Kanskje er det frå altartavla som vart laga til stavkyrkja i 1694. Til høgre for krusifikset står Moses med lovtavlene. Ein omsetjingsfeil førde til at Moses fekk horn i staden for strålekransen. Til venstre står øvstepresten Aron. I midten, på kvar side av krusifikset, står Johannes og Maria. Vengjene på altartavla meiner ein kan vera frå altartavla i stavkyrkja. På altaret står i dag 4 lysestakar i messing, gjeve til stavkyrkja i 1647 av sokneprest Peder Colling.

Preikestolen vart nylaga til stavkyrkja i 1694. Den vart så flytta inn i den nye kyrkja, men fekk no tillagt meir barokk dekor.

Den nedste delen av døypefonten er frå døypefonten i stavkyrkja. Det er vanskeleg å gisse på alderen, men nokre meiner den kan vera frå 1100-talet. Stavkyrkja vart bygd ein gong tidleg på 1200-talet, så då lyt det ha stått ei kyrkje i Aurdal før stavkyrkja. Kva tid den vart bygd eller kor den stod vei me ingen ting om. I gamal tid var døypefonten stor og vid, noko som var sjølvskrive då barnet skulle dukkast heilt under tre gonger. Det var eit hol i døypefonten som gjorde at det vigde vatnet skulle rette ut i vigd jord. Vatnet vart vigsla påskenatta og vart ståande i fonten heile året. Sjølve kummen, der ein hadde vatnet, er øydelagt og borte, men ein ny og litt mindre vart gjeve til kyrkja på slutten av 1800-talet.

Det eldste døypefatet, med fire hjarte i botn, er frå 1600-talet og er laga av kopar. Det nyaste døypefatet har innskrift frå Matt. 28,19 og kom til kyrkja på slutten av 1800-talet.

12. desember 1792 fekk kyrkja det fyrste orgelet, og orgelgalleriet vart bygd. Målinga vart utførd i 1795 av kunstnaren Ole Hermundson Berge. Orgelet, som vart gjeve av svigerdotter til prost Landt, fekk tene i kyrkja heilt fram til nytt orgel kom i 1904. Det var bygd av Peter Ingvald Berntsen og hadde 8 stemmer, 1 manual og pedal. I 1972 vart orgelet ombygd og fornya, og fekk no 17 stemmer fordelt på to manualar og pedal. Det var Norsk orgel- harmonumsfabrikk som gjorde dette arbeidet. 1. sundag i advent 2011 vart så nytt orgel innvia. Det har 23 stemmer fordelt på to manualar og pedal. Alle dei gamle stemmene frå Berntsen sitt orgel i 1904 vart brukt oppatt.

Kyrkja har hatt korskilje. Det vart sett opp i 1790-åra, men rive ned att då kyrkja vart måla og ombygd i 1880-åra. Løvene, som stod midt over korskiljet, er i dag å finne over utgangsdøra i nordre tverrskip.

I tårnet heng det i dag to klokker. Den største er støypt av Johan Nicolaus Derch frå Horn i Nederland i 1752. Den har innskrifta "Soli deo Gloria". Den andre klokka er støypt av Olsen Nauen klokkestøyperi i Tønsberg i 1927. Den har innskrifta: "Ringer jeg til ro de døde, ringjer jeg til kirkemøde, alltid er jeg Herrens tolk, at han samle vil sit folk!" I tårnet er det tydelege spor etter at det i alle fall har vore tre klokker i kyrkja, kanskje 4. I stavkyrkja veit me at det var 6 klokker. Ei mellomaldarklokke med runeinnskrift er øydelagt og finst ikkje lengre.

Den store bibelen på altaret har vore flittig i bruk både i stavkyrkja og i "nykyrkja". Bibelen vart trykt i København i 1632.

Mange har fundert over plasseringa av kyrkja. Den tidlegare stavkyrkja hadde ein meir høgtliggjande plass, ca 1 km lengre sør (sør-aust). Den gamle stavkyrkja var bygd i fryste halvdel av 1200-talet. Ei segn seier at usemje om plassering av den nye kyrkja førte til at ein hest vart utnemnd til "profet". Han vart spent for ei slepe med tømmerstokkar og jaga bortetter kongevegen mot nord. (Ein av milesteinane frå Kongevegen står no utanfor kyrkja.) I motbakkane forbi prestegarden stoppa hesten og då var plasseringa avgjort. Hesten hadde neppe forståing for at grunnforholda var lite skikka for store byggverk, men kyrkja har i alle fall stått her i 270 år.....

Utanfor kyrkja var det i tidlegare tider sett opp ein gapestokk. Sist han var i bruk var på 1840-talet. Gapestokken vart teke ned få år seinare og sidan gjeve til Valdres folkemuseum, der han står i dag.
Inngangsportalen til kyrkja vart truleg bygd same året som sjølve kyrkja. Fleire Valdreskyrkjer bygde på 1700-talet har liknande portalar.

Adresse: Middelskulevegen 13, 2910 Aurdal
By: Aurdal
Rute: Middelskulevegen 13
Postnummer: 2910


Nærliggende lignende selskaper
Åreeld ungdomssenter Åreeld ungdomssenter 70 meter Støl i Tisleidalen som nå er leirsted for Misjonssambandet. Enkelt, men fint.
Kommenter på dette stedet

Veibeskrivelse til Aurdalskyrkja med offentlig transport


Aurdal kirke 120 meter
110
307
311
330
NW160
NW161
NW162
NW163
Prestgardsvegen 190 meter
307
Aurdal skole 290 meter
110
307
311
330
Aurdal sentrum kroe 470 meter
110
307
311

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler