
Austevoll Næringsråd
Austevoll Næringsråd (ANR) er ein frittståande og uavhengig organisasjon stifta av næringslivet og Austevoll kommune.
ANR skal være ein pådrivar og eit forum for diskusjon om utviklinga av næringslivet ; og andre aktuelle samfunnsoppgåver av verdi for næringslivet i kommunen.
Hovudoppgåver:
ANR skal bidra til næringsutvikling i kommunen
ANR skal vera kommunen sitt rådgjevande organ i næringslivssaker
ANR skal skape idear, ta initiativ og koordinera tiltaksarbeid /næringsutvikling i kommunen
ANR skal vera kontakt- og kommuniksasjonsorgan for / mellom næringslivet og kommunen
ANR skal skape samarbeid mellom næringsinteressene i Austevoll
ANR skal marknadsføra næringslivet ut i markedet
Verdiløfte til våre medlemmar :
Me skal være eit talerør for våre medlemmar, ein aktiv nettverksbyggjar og arena og møteplass for våre medlemmar, samt er ein aktiv kompetansebyggjar.
Medlemskap
Bedriftar, kommune, lag, organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar kan vera medlem i Austevoll næringsråd etter styret si godkjenning.
Bli medlem i Austevoll Næringsråd
- Ynskjer du å påvirka din eigen kvardag og bedriften sine rammebetingelsar ?
- Vil du treffa andre næringsdrivende i opne nettverk?
- Søkjer du inspirasjon, informasjon og kunnskap?
- Vil du ha mulighet til synleggjera deg og bedriften din ved å vera ein del av vår regions viktigaste nettverk?
Då bør du bli medlem i Austevoll Næringsråd. Me jobber for at næringslivet i Austevoll skal ha gode rammevilkår, og me har ein tett dialog med viktige beslutningstakarar og premissleverandører, både lokalt og nasjonalt.
Meld deg inn ved å senda ein epost [email protected] eller ring 41512962 - velkommen som medlem !
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler