
Me er ei kristen forsamling tilknytta Nordhordland Indremisjon, ein evangelisk luthersk vekkelsesbevegelse. Vårt motto er: "Med Guds ord til folket".
På denne sida finn du informasjon om all aktivitet på Årås bedehus.
Me driv laga Mini-Ving/Ving for 4år til 4.trinn, Kjellaren for 5.-7.trinn og Kjellaren XL fra 8.trinn og opp. For detaljar om det som skjer, sjå eiga innlegg på sida. Berre Kjellaren XL har ei eiga gruppe her på facebook.
Ca. annankvar søndag har me møter på bedehuset kl. 11:00
Her er alle hjarteleg velkomen både store og små. Vi syng, høyrer Guds ord forkynt og har eit godt felleskap. Kaffi etter møtet.
Kvar 14 dag samlast me til fellesbønn på loftet på Årås Bedehus. Det er tirsdagskveldar kl 19-20.
Elles litt informasjon:
UTLEIGE
Privat leige av huset hoved-etage inkl. kjøkken: 1000,- pr dag
Vi leiger óg ut bord og stolar:
Utlån av bord: 20,- pr. stk.
Utlån av stolar: 10,- pr. stk.
Minimumstakst for leige av bord og stolar er 200,- pr leigetilfelle
Innbetaling til kontonummer 3490.30.00963. Dersom faktura er ynskjeleg, ta kontakt.
For utleige, ta kontakt med:
Grethe Monslaup
Mobil: 45630862
Epost: [email protected]
Eller send ei melding på til Austrheim indremisjon på facebook.
Reglar for utleige
Huset vert leigd ut med det utstyret som er på huset.
Leigetakar må på førehand sjølv gjera seg kjent med det utstyret som er på huset.
Leigetakar må gjera seg kjent med nødutganger og plassering av brannslukkingsutstyr.
Rom som har vore brukt må vaskast og ryddast slik at huset er i den stand som de fann det.
Øydelegg ein utstyr eller kjem det noko vekk under leige, må leigetakar erstatte det.
Det er ikkje lov å nyte alkohol i eller utanfor bedehuset.
Dersom leigetakar låner nøkkel til huset, er han ansvarleg for den i leigeperioden.
Huset er eit Gudshus, og det skal ein visa respekt for.
Styret for Årås Bedehus
GJE EI GÅVE
Austrheim Indremisjon
Kontonr: 3490.30.07488
Årås Bedehus
Kontonr: 3490.30.00963
10% lønna ungdomsarbeiderstilling
Kontonr: 3632.59.04954
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler