facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Avlastningsbustad for barn og unge

Avlastningsbustad for barn og unge

Info

Avlastingsbustaden ligg lovmessig inn under lov om
kommunale helse-og omsorgstenester og er eit kommunalt tilbod i Bømlo. Det aller viktigaste for oss som arbeider i avlastingsbustaden er å skapa tryggleik og trivsel forborna Dykkar.

Etikett

Born/ ungdom som får innvilga opphald vert sett
saman etter alder, funksjonsnivå og ikkje minst om
det er nokon dei kjenner frå før eller har eit spesielt
ynskje å vera saman med. Me tenkjer også at det
er viktig at dei kan få ei meistringskjensle av å vera
saman med likesinna, samstundes som ein har noko
som er oppnåeleg å strekkja seg mot.
Me prøver derfor å ta tak i det dei faktisk kan og
byggjer vidare ut frå dette. Til dømes påkledning,
handvask, rydda etter seg, vera med å laga mat, ta
eigne val og ikkje minst sosial trening. I dette ligg
utflukter, teater, kino, ta omsyn til kvarandre etc.
Trivselsfaktoren er høg, blant både personale og
tenestemottakarane.

Me er 8 tilsette i avlastingsbustaden. Else Marie
Aakre er dagleg leiar. Personalstaben består av
førskulelærar, vernepleiar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar,
barne og ungdomsarbeidarar og fleire
dyktige assistentar.

Personale er svært bevisste på kor viktig kommunikasjon
er. Sjølv om ein ikkje kan uttrykkja seg verbalt
er det fullt mogleg å gjera seg forstått på andre
måtar. Mange har jobba i bustaden meir enn 10 år.
Det er lite gjennomtrekk av personale.

Me skal ta godt vare på barnet Dykkar på ein etisk
og forsvarleg måte. Dersom det oppstår noko/eller
me lurer på noko tar me kontakt.

Brukarmedverknad står heilt sentralt. Det vil sei at
me seier oss pliktige til å setja oss inn borna dykkar
sine ynskjer, behov og moglegheiter. Det er derfor
svært viktig for oss å ha eit godt samarbeid med omsorgspersonane.
Har de særlige ynskjer om gjeremål under avlastingsopphaldet, vil det bli tatt omsyn tildette dersom det let seg gjera utan særlege vanskar.

Adresse: Bratthaugen 1, 5430 Bremnes, Hordaland, Norway
Telefonnummer: +47 92608821
By: Bremnes
Rute: Bratthaugen 1
Postnummer: 5430


Nærliggende lignende selskaper
Myaloevera.no/monahellen Myaloevera.no/monahellen 1 km Business-owner i Forever Living Products. Kvalitetsprodukter innen helse/velvære/beau...
24Fitclub Bømlo 24Fitclub Bømlo 2 km Vi tilbyr gratis trening, kroppsscanning, veiledning i kosthold. Drives av selvsten...
Margrethes Velvære Margrethes Velvære 3 km Massasje og kopping for hele kroppen. Hobbybasis.
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler