Nyheter fra/om Bømlo Arbeiderparti. Les vårt program her: https://bomlo.arbeiderpartiet.no/politikken (Me har ikkje høve til å debatera i kommentarfelt.)
Gjennom eit levande lokaldemokrati vil Arbeiderpartiet særleg arbeida for følgjande seks viktige saker i perioden 2015-2019:
1. Bømlo Arbeiderparti vil arbeida for
at Bømlo også i framtida kan vera ein sjølvstendig kommune. Me vil også ta aktivt del i utgreiingsarbeidet i regionen for saman å finne ut kva som vil bli den beste løysinga for Bømlo i framtida.
2. Bømlo Arbeiderparti vil sørgja for at den planlagde nye Bremnes Ungdomskule på Leite vert realisert, og at det vert bygd eit basseng i tilknyting til skulen innanfor dei tidsrammer som dagens vedtak har sett.
3. Bømlo Arbeiderparti vil arbeida for at ein etter behov kan ta i bruk alle institusjonsplassane som er bygd i kommunen.
4. Bømlo Arbeiderparti vil jobba for at reinhaldet i kommunale bygg ikkje skal vera sett ut på anbod, men skal bli ein del av den kommunale drifta igjen.
5. Bømlo Arbeiderparti vil kjempa for å behalda eit godt tilbod i den vidaregåande skulen på Bømlo.
6. Bømlo Arbeiderparti vil gjennom ulike verkemiddel arbeida for at me også i framtida har eit variert og innovativt næringsliv.
I dette programmet ( http://bomlo.arbeiderparti.no/program )kan du sjå kven som er på laget vårt og kva saker som er viktige for oss. Viss du er einig i mykje, håper me du stemmer på oss den 14. september!
Med venleg helsing
Odd Harald Hovland, ordførar
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler