Bø Museum ligg på Oterholt om lag to km frå Bø sentrum. Her finn du folkemusikk og telemarkskultur. Her lét hardingfela ofte både innomhus og utandørs. På vakre Kvennøya i Bøelva kan det hende at du får oppleve ei eventyrstund om du kjem forbi. Ein dag på Bø Museum inneheld både natur- og kulturopplevingar. Oterholt var den første handelsstaden og bygdesenteret i Bø. Landhandelen Åheim frå 1898 er komplett med pakkbu, eldhus og bustad. Frå gamalt av blei staden kalla ”tatergata”, her var folkeliv, handel og vandel.
Faste utstillingar på Bø Museum er hardingfeler, felemakarverkstad, folkedrakter, handverk m m. På museumsområdet ligg også Åsestugo, eit vakkert 1700-talshus med rosemåla interiør. Kvennøya er ein del av museet og her finn du husmannsplass med stugu, fjos, lugu, badstugu og smie. Kvennøya blei kåra til det viktigaste friluftsområdet i Bø kommune i 2007 og er kommunen sin tusenårsstad. Like ved er det badeplass og fiskemoglegheiter.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler