OM OSS
Berlihuset er bygdas staslegaste selkapslokale og Siv B.Rogne åpner dørene for ulike arrangement. Ring!
Ved sentrum i Sykkylven ligg Berlihuset. Ein staseleg patrisiarvilla som fiskeeksportør Børre Berli frå Ålesund fekk sett opp i 1896. Huset brukte dei som sommer-residens og har vore vitne til mange flotte selskap og samankomstar heilt fram til 70-talet.
Som born på 60-talet hugsar vi enda kor spanande vi synest huset var med stakitt-gjerde rundt den flotte hagen som var full av engkarse, eller Lille-Geta som blomen blir kalla her i bygda. Navnet kjem nemlig frå denne hagen og huset der Margrethe Berli budde, populert kalla Lille-Geta.
No vil vi blåse nytt og friskt liv i denne flotte bygninga. Vi åpner derfor dørene for ulike arrangement som bryllup, private selskap, møter, utstillingar, intimkonsertar og ellers alt som kan vere huset verdig.
Vi kjem også i framtida til å ha eit nært samarbeid med Design Create Live og industrien i bygda. Vi vil skape eit interessant miljø der ein kan kombinere møter og servering tilpassa kvart høve. Dei flotte glas-montrane i hagen rundt huset er eit døme på at samarbeidet allereie er godt i gong.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler