facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Bilpleiesenteret Voss

Bilpleiesenteret Voss

Info

Dinitrol, Ditec, Protec, Glastec, Polering, Lakkrens og annen bilpleie

Historie

Bilpleiesenteret Voss vart etablert i 2008 og er nok eit resultat av at bilbransjen på Voss går i takt. Selskapet er eigd av Bilskadesenteret Voss AS. Bilskadesenteret Voss (www.bilskadevoss.no) vart etablert i januar 2006 og selskapet er ein av dei store aktørane innan Bilskadefaget i Norge.

Utvending vask

Maskinvask kan vera vel og bra. Men ingenting slår manuell bilvask når det gjeld å vera skånsam og nøyaktig. Du kan gjera det sjølv, og du kan få råd og rettleiing frå oss. Men vil du bruka fritida di på andre ting kontaktar du oss. Me reingjer bilen din raskt, rimeleg og skånsamt.

Polering

Moderne billakk er god, men den blir også utsett for ekstreme påkjenningar. Skikkeleg polering må til for å bevara lakken. Og på eldre bilar er det nesten som å få ein ny bil, viss poleringa er gjort av fagfolk,

Innvendig vask

Ein rein kupé er triveleg for både sjåfør og passasjerar. Og ikkje minst er det viktig den dagen du skal selja bilen. Synes du vask og støvsuging er kjedeleg arbeid? Er du usikker på kva vaskemiddel og polering du skal bruka? Overlat dette til oss!

Lakkbehandling

Bilen kan sjølvsagt beskyttast med regelmessig vask og polering, men på lang sikt er ikkje dette nok.
Slike overflatebehandlingar klarer ikkje å fjerna dei nedbrytande stoffa som har trengt seg ned i porene i lakken.

Å fjerna desse krev ein mykje meir avansert metode.

Det finnes fleire leverandører av produkt til denne type behandling. Me har god erfaring med Ditec.

Bilpleiesenteret Voss har som mål å gjennomføre ca 200 DITEC lakkonserveringar per år. Fleire kundar oppdager no kor lettvint det vert med vask og vedlikehald etter denne behandlinga.

Bilforhandlarane på Voss er gode kundar: Dei ynskjer sine kundar den beste bilopplevinga, og DITEC lakkonservering er ei god investering. Kunden sparer ofte pengar på å få dette gjort når bilen er ny!

Antirustbehandling med Dinitrol

Alle nye bilar vert beskytta i ein eller annan form med antirustbehandling.

At stål og jern rustar er noko me alle veit. Metallet må beskyttast mest mogeleg mot ytre påverknader, noko fabrikantane prøver å gjera på best mogeleg måte. Dette er i mange høve ikkje nok så lenge produsentane ikkje tek spesielle hensyn til klima og lokale variasjonar. Noreg er kanskje eit av dei landa i verda der problemet med rust på bilar er størst!

Nye bilar rustar meir enn nokon gong, og antirustbehandling på nye og brukte bilar er absolutt eit nødvendig tiltak for å hindra at bilane rustar vekk.

Det finst fleire måtar å beskytte bilen på. Meir info: www.dinitrol.no

Sandblåsing

Dersom stålplatene i bilen ikkje er gjennomrusta, er det andre måtar å fjerna rusta på. Den kan t.d slipast og skrapast vekk, men den absolutte beste metoden er sandblåsing, kombinert med kjemisk behandling.

Spesialsand vert blåst på stålplatene med høgt trykk og trengjer inn i strukturen i stålplata. Den vert deretter behandla med kjemiske stoff og ei epoxygrunning som isolerer.

Flatene kan deretter lakkerast eller sprøytast med t.d Dinitrol.

Luktfjerning

Bilpleiesenteret Voss har no gått til innkjøp av ein oksygen-osilator som drep alle bakteriar som forårsakar vond lukt i bilen. Dette er den mest effektive formen for luktfjerning i bil, saman med tradisjonell rensing av interiøret.

Etikett

Send bilen på spa!

Alle bilar må ha pleie for å sjå bra ut og for å halda seg i verdi. Av og til er ein lett vask og risting av gummimatter nok. Men ...

Er du i tvil om kva som bør gjerast med bilen ut over dette? Kontakt oss! Me tilbyr alt innan bilpleie, og i tillegg får du gode tips og kva produkt og metodar du skal bruka.

Adresse: Storrviki 15, 5710 Vossavangen, Hordaland, Norway
Telefonnummer: +4756513910
on.ssoveielplib@tsop
By: Vossavangen
Rute: Storrviki 15
Postnummer: 5710



relaterte søk: bilvask voss, bilverksted voss, bilskadesenteret voss, bilpleiesenteret drammen, bilpleiesenteret haugesund, tectyl voss
Anmeldelser
Flinke folk, god service!
Dyktige og hyggelige folk!
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler