Bjåen Fjellstove ynskjer å vera ein god stad å vera, der overnatting og servering er tufta på lokal kunnskap og kortreiste, økologiske råvarer.
Bjåen Fjellstove skal ha ein profil og ein heilskap som viser til kvalitet, "grøne verdiar", tradisjonar og kultur. Me ynskjer at Bjåen Fjellstove skal vera ein stad for natur- og kulturopplevingar, der det lokale særpreget vert sett i fokus, der ein kan få god mat av lokale råvarer og økologiske produkt.
Ynskjet vårt er at måltidet skal skape ei god ramme rundt eit godt møte mellom menneske, og gjerne gje nokre nye smakopplevingar.
Me driv også landets høgstliggande mjølkeproduksjon, med 30 mjølkekyr og mjølking i mjølkerobot. Alle kyrne går ute på fjellbeite om sommaren og tidleg haust, og me har difor konsentrert kalving før jol.
Venleg helsing Ragnhild
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler