Liv Randi Bjørlykke oppretta eige forlag i 2010. Siste utgivelser: 2016: Sti-Anna og Tafjordulukka, 2014: Nøysemd 3, Ramnungar ropar. 2013: Nøysemd 2, Kastet. 2012: Nøysemd.
Utgivelser:Liv Randi Bjørlykke: Osvikboka, 2010
Liv Randi Bjørlykke: Mobil på bussen, 2011. Kåserisamling.
Liv Randi Bjørlykke: CD, Kåseri Liv Randi, 2012
Eystein Hjelme: Nøysemd, 2012
Liv Randi Bjørlykke: Kastet, 2013
Eystein Hjelme: Nøysemd 2, 2013
Liv Randi Bjørlykke: Ramnungar ropar, 2014. Kåserisamling.
Eystein Hjelme: Nøysemd 3, Frå fjøre til fjells og heilt til Natal, 2014 Liv Randi Bjørlykke: Sti-Anna og Tafjordulukka 2016 ISBN 978-82-998409-7-2
Om "Kastet"
Ein gong var Kastet krongods. I juni kom boka om den fråflytta garden som ligg ved Tafjorden, inst i Storfjorden på Sunnmøre. 150 lesarar har kjøpt boka allereie! Kastet har vore fråflytta i 60 år, og snart er alt gløymt. Forfattaren har samla stoff som elles ville ha gått i gløymeboka. Boka kan bestillast ved å sende melding til forfattaren. Prisen er kr. 320 pluss porto. Rikt illustrert. ISBN 978-82-998409-3-4
Liv Randi Bjørlykke har lest inn ein CD der ein kan høyre henne fortelje om julefestane i gamle dagar, orkanen Dagmar og andre hendingar som ein kan lage kåseri om. Tittelen er "Kåseri Liv Randi". Pris 150 kroner.
"Nøysemd" av Eystein Hjelme kom i 2012 og er utselt. "Nøysemd 2" kom i 2013 og handlar om gjenbruk og matauk. Pris kr 250. ISBN 978-82-998409-4-1 "Nøysemd 3" - Frå fjøre til fjells og heilt til Natal kom i 2014. Pris kr 250. ISBN 9788299840965.
Om "Osvikboka"
Liv Randi Bjørlykke oppretta eige forlag i 2010. Ho hadde då manuset til ”Osvikboka” klart, eit prosjekt ho hadde hatt i arbeid lenge. I boka er det 200 bilete frå Norddal kommune, og ei fyldig utgreiing om folk og hendingar i og rundt garden Osvik, som ligg i Verdsarvområdet ved Storfjorden på Sunnmøre.
”Osvikboka” er hittil selt i over 500 eksemplar. Pris kr 200 + porto.
Om forfattaren Liv Randi Bjørlykke:
Liv Randi Bjørlykke har også skrive ei ættesoge for Stordal kommune. Tidlegare har ho gitt ut 10-15 bøker og hefte på Lunde Forlag, Oslo. Ved sidan av skrivinga har ho vore journalist og lærar. I fritida har ho takka ja til mange oppdrag som kåsør, både i NRK og ved lokale arrangement. Ho er født i Sykkylven i 1948.
Om forfattaren Eystein Hjelme:
Snikkarmeister og lærar Eystein Hjelme frå Valldal har lenge forfatta artiklar i aviser og publikasjonar. No gir han ein serie bøker som handlar om nøysemd, eit temma som fengar mange lesarar. Bøkene handlar om å bruke augene i naturen, slik folk gjorde før, og bruke ressursar som blåbær, brenne-nesle og andre plantar. I ei tid prega av stadig større forbruk peikar han på korleis tidlegare generasjonar levde og kva teknikkar dei bruka for å kunne overleve med små ressursar. Bøkene kan tingast her, og prisen er kr. 250,- pluss porto. Eystein Hjelme bur på Valle i Skodje, Sunnmøre.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler