
Brandal skule:
Planlegginga av bygget tok til i 1917 og skulen vart innvigd 28. juni 1919 med stor festivitas og laksemiddag for heile krinsen. Her var skule fram til 1968 då den nye skulen vart opna. Skulen vart i heile denne perioden også brukt som samlingshus for krinsen. Alle festar og 17. maifeiringar vart haldne her.
Brandal bedehus:
Brandal krins kjøpte bygget for å bruke det til bedehus. Ombyggingsarbeidet starta i 1969, og opningsfesten vart halden i april 1971.
Brandal bedehus/grendehus:
I 2011 vart vedtektene for bygget endra slik at huset vart kombinert bedehus og grendehus. Namnet vart endra til Brandal bedehus/grendehus.
Utleige til Brandal Friskule
Våren/sommaren 2011 vedtok Hareid kommunestyre å ikkje lenger leige ut skulebygget til Brandal Friskule. I tillegg vedtok dei å selje skulen og skuleområdet.
Friskulelaget inngjekk ein leigeavtale med bedehuset/grendehuset, og bygdefolket i Brandal sette i gong ein imponerande dugnad sommaren 2011. På rekordtid vart bygget oppgradert slik at det kunne stette krava til skulebruk. Friskulen tok så bygget i bruk hausten 2011.
I juni 2016 kjøpte Brandal Friskule skulebygget i Brandal og sa opp leigeavtalen. Friskulen leigde grendehuset ut oktober 2016.
Pakkhuset
130 meter
Brandal Velforening disponerer Pakkhuset, som er eigd av Hareid kommune. Huset vert n...Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler