Velkommen til Brandseth Fjellstove sin Facebook side!
Litt om oss:
Brandseth Fjellstove vart opna i 1977 av Johanna og Oskar Brandseth, og dei dreiv staden med overnatting og servering fram til byrjinga av nittitalet.
Dagens drivar, Erling Brandseth, flytte heimatt i 1988 og har sidan vore her.
Brandseth Fjellstove ligg vakkert til med utsyn over bygda, og omkransa av skog og flotte fjellområde. Kun nokre få kilometer frå eit av Norges mest fotograferte utsyn, Nærøydalen sett frå Stalheim. Her kan du og prøva Stalheimskleivi, den brattaste riksvegstrekninga i landet. I dag vel dei fleste å bruka tunnellane som fører rett ned i dalen og vidare til Gudvangen og Sognefjorden.
Åpningstider:
Brandseth Fjellstove har ope i vintersesongen, feb – apr. og sommarsesong frå jun – sept , men tek imot lag og samkomer også utanfor sesongen.
Litt om beliggenheten:
Brandseth Fjellstove ligg i Brandsethdalen på Vossestrand, 34 km frå Voss sentrum, midt mellom Voss og Flåm. 2 timar frå Bergen.
2,5 km frå hovudvegen, E-16. Kjem du med buss, så ring oss, så kan me henta deg ved hovudvegen.
Litt om turterrenget:
Fint turterreng heile året, men om vinteren er det berre 10 min med bil til nærmaste stolheis, på Oppheim eller ca 30 min til alpinsenteret på Voss med 9 stolheisar og skitrekk.
Vær hjarteleg velkomen som vår gjest!
Me skal gjera vårt beste for at de skal få ei hyggeleg samkome, og ein minnerik dag.
Ha ein fortreffelig sommar!
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler