Kor mykje tid du vil bruke, og kva du ynskjer bidra med bestemmer du sjølv. Du inngår ingen langsiktig avtale - tykkjer du dette er givande, held du fram. Vil du melde deg som frivillig, eller kanskje du vil vite litt meir? Ta kontakt - kom gjerne innom
Bremanger Frivilligsentral er skipa 28. mars 2017 og organisert under Kultureininga i Bremanger kommune.
Bremanger Frivilligsentral skal vere nettverksbyggar, eit kontaktpunkt og tilretteleggar for dei som ønskjer å gje eller å motta frivillig innsats. Frivilligsentralen skal styrke deltaking og breidde i frivillige lag og organisasjonar, med eit spesielt fokus retta mot einsemd, sosial utanforskap og inkludering. Frivilligsentralen skal legge til rette for samarbeid og samhandling mellom frivillige lag/organisasjonar og tenestene i kommunen. Sentralen skal stimulere til å auka antal frivillige i eksisterande organisasjonar og bidra til aktiv deltaking i lokalsamfunnet for alle som ønskjer å bli nye frivillige. Frivilligsentralen vil ha ei aktiv rolle med å hjelpe organisasjonane i oppstartfasen av nye behovsretta aktivitetar. Ingen lag eller organisasjonar skal erstatte lovpålagte offentlege oppgåver. Frivilligsentralen sine aktører er underlagt etikk og teieplikt.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler