Om oss
Forfattar, livskunstnar, avisskribent, dropsfabrikant og friluftsmann Einar Tufte (1898-1972) grunnla Seljord Elektriske året 1943. Butikken vart starta i ein mindre bygning på Klokkarstogomoen i Seljord. Seinare vart butikken flytta på såpeglatte tømmerstokkar til ny plassering. Med hjelp av traktor og taljer vart dette prosjektet utruleg nok gjennomført.
Seinare vart butikken flytta på nytt og utvida. Heilt i starten var det handel med vedovnar og koks. Og på den tid kom også avløysinga med elektriske ovnar. Jerngryter til bruk på støylar og i heimar var også ein god artikkel. Sønene Odd og Tore Tufte, kom tidleg inn i firmaet, bare 15 år gamle. Einar Tufte blei spurt om han fekk desse to til å begynne i forretninga, og han svara: ”Dersom det blir noko greie på dei, hvis ikkje får dei bli lærarar”.
Etterkvart som kraftverksutbygginga starta vart vareutvalget utvida med handel av jernvarer, stål og sement. Idag er vareutvalget ytterlegare utvida. Seljord Elektriske kan idag levere det meste innan byggevarer, material, jernvarer, varme, kjøkken, kvitevarer, måling, interiør, glass og gåver. Tredje generasjon er på plass i Seljord Elektriske og er, saman med 25 dyktige medarbeidarar, klare for å yte deg som kunde stor oppmerksomhet og den beste service.
Velkomen til ein triveleg handel.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler