
Bygland frivilligsentral starta opp i februar 2010. Lokala er flotte, den gamle prestegarden har tre stuer, to av dei er i bruk av oss, og kjøkken og kontor.
Sentralen er og lokale for vaksenopplæringa i Bygland.
Mandag har vi leksehjelp på sentralen. På Byglandsfjord arrangerer me open dag for seniorar, med matservering og aktivitetar.
Kvar mandag klokka 16.00 er det Teppebowls i Byglandshallen. Teppebowls liknar noko på boccia berre med litt høgare vanskelegheitsgrad. Dette er allikevel noko alle kan klare. Ein går i hop på lag, og konkurrerar med kvarandre, og etterpå tek me ein kopp kaffi.
Tysdagar har me bokcafe på pakkhuset på Byglandsfjord, og bingo om kvelden annankvar veke på Sentralen.
Me er i gong med å etablere datakafe.
Torsdag har vi kafe kl. 11 på sentralen. Deretter har me trening for senioarar i Byglandshallen med påfølgande cafe.
Hyggelege formiddagstreff på Byglandsheimen annankvar veke har vi og.
1 onsdag i månaden arrangerer me handletur til Evje, i hop med Byglandheimen.
Vi har fem frivillige sjåfører som køyrer ut middag to dagar i veka til eldre i kommunen. Frivillige følger folk i drosje til sjukehus, røntgen, tannlege, frisør o.l. Vi er blitt med i lyttevenprosjektet, der eldre er med i 3. klasse og høyrer elevane lese høgt.
Bli med da vel - som frivillig eller deltagar!
Bygdestova Longerak
9 km
BYGDESTOVA Longerak, er et forsamlings hus som blei satt opp på dugnad av bygdefolket...
Reiårsvatn Velforening
13 km
Fantastisk hytteområde og varierte natur opplevelser. Både sommer og vinter. Fiskevan...Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler