facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Café Cornerstone

Café Cornerstone

Info

Kaffebar på Stadlandet i sentrum av Leikanger

Historie

Langt vest ute i havgapet ligg ein liten bygdeurban kaffebar i hjertet av Stadlandet. Her blir all mat laga på HEIMEBAKT vis med kjærleik som hovudingrediens, noko ein kjenner med ein gong ein smakar maten vår. Vi driv denne caféen i hovudsak for å skape ein samlingsplass for bygdefolket - unge som gamle, men også vere ein triveleg plass å komme for folk på tur.

Menyen er konstruert ut frå alt vi tykkjer er godt. Ynskjer du å smake italiensk brød - FOCCATIA med variert pålegg, påsmurte baguettar eller ein frisk salat, har Cafe Cornerstone noko for dei fleste. Men det beste av alt er kakene våre: her har bygdekvinnene med lidenskap for kakeoppskrifter lært oss å bake dei DEILIGSTE KAKER - uimotståelege og nydelege på smak! Kaffebaren har i tillegg fristande varme retter, for den som ynskjer seg ein lett middag.

Café Cornerstone har ein brei meny innan ESPRESSObasert kaffe. I tillegg tilbyr kaffebaren ferskkverna svart kaffe frå fleire verdensdelar. Her har ein høve til å finne ut kva som passar sin eigen smak. I tillegg er vi kjende for våre innmari gode MILKSHAKES og våre friske SMOOTHIES.

Kaffebaren er lyst og stemningsskapande innredd der ein lett kan nyte det å vere gjest. Lokalet er romleg for større lag, men interiøret vil likevel skape ei lun atmosfære for den som vil innom og drikke ein smakfull kaffe og lese ei avis i ro og mak.

Utanom det vanlege har kafeen ei scene for intime MUSIKKONSERTAR, samt andre kunstnariske innslag. Vi siktar også å ha KUNSTUTSTILLINGAR i lokalet. Cafe Cornerstone er ein stad med mogeligheitar til å syne ut kva kultur som finnast i nærmiljøet.

Vi gleder oss til DU kjem innom!

Velkommen!

Adresse: Leikanger, Stadlandet, 6750 Selje
Telefonnummer: 93449210
By: Selje
Rute: Leikanger, Stadlandet
Postnummer: 6750


Nærliggende lignende selskaper
Kafe Selja Stova Kafe Selja Stova 9 km Hyggelig servitør, men elendig matutvalg
Vestkapp Restaurant Vestkapp Restaurant 13 km Koselig liten restaurant med veldig flott utsikt. Hyggelige, blide og serviceinnstilt...
Anmeldelser
Bra mat og god service.
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler