
Kom og dans med oss! Danseverkstedet tilbyr ei rekke ulike klassar for både dei heilt minste og dei som vil byrje å danse i vaksen alder :)
NY NETTSIDE : Sjekk ut info om kurstilbod, pedagogar, timeplanen, våre nye lokaler og for online PÅMELDING.
Danseverkstedet ved Jorunn Reina er ein privat danseskule i Førde, etablert i 1994. Jorunn Reina har utdanning som adjunkt med opprykk for grunnskulen, i tillegg til at ho har ei tatt treårig ballettpedagogikk på Northern Ballett School i Manchester. Ho har også tatt mellomfag i dans på Dragvoll i Trondheim.
Sidan oppstarten har Danseverkstedet blitt populært og utmerka seg på kulturelle hendingar i heile fylket. Kvart år har Danseverkstedet ei vårførestilling før sommarferien der alle elevar får vist kva dei har jobba med i løpet av danseåret. I tillegg jobbar danseskulen tidvis med prosjekt, som til dømes ballettstykket "Nøtteknekkaren", som var eit samarbeid med Førde sine distriktsmusikarar. Mars 2013 ventar ein Disney-musikal i samarbeid med Førde Kulturskule. Tidlegare har også elevar delteke på blant anna Gaularspelet, Vevringutstillinga og Nyttårskonserten i Førdehuset. Dette er veldig kjekt for elevane og gode erfaringar å ha med seg vidare. Går ein på ballett får ein moglegheita til å ta eksamen i ulike grader, slik at ein lettare kan ta ei utdanning innan dans for dei som ynskjer det.
Danseverkstedet tilbyr desse undervisningsklassane:
- Barnedans; 4-5 år
- Klassisk ballett; 6 år og oppover
- Jazz/Moderne; 8 år og oppover
- Hip hop; 8 år og oppover
For påmelding eller meir informasjon, ta kontakt:
Jorunn Reina, tlf 472 32 429, eller epost: [email protected]
European Weightlifting Championships 2016 Fø...
127 meter
European Weightlifting Championships 2016 will take place in Førde on the West coast ...
Førde ungdomsskule
139 meter
Okay place but somebody took the door to the boys bathroom and lit one of the toilets...
Skrivarløa ungdomshus
253 meter
Vi har ope kvar mandag,onsdag og torsdag for elevar på ungdomsskulen.Tysdagar har vi ...
Førde Kulturskule
271 meter
Målsetjinga vår er kulturskule for alle, tilpassa den enkelte elev sine føresetnader ...
Go'Kajakk As
477 meter
Kanon tilbud for hele familien. Er du glad i å være ute, men ønsker selskap er dette ...
Sunnfjord Trafikk As
506 meter
Velkommen til Sunnfjord Trafikk!
Vi tilbyr opplæring i alle lette førarkortklassar.
...
Trafikkskulesenteret
623 meter
TrafikkSkuleSenteret er eit samarbeid mellom fleire trafikkskular. Pr. 01.01.2017 er ...
Førde Kfuk-Kfum Speidarar
692 meter
Her finn du informasjon om program og aktiviteten i speidargruppa
Mo og Øyrane vgs avdeling Øyrane
710 meter
berre nesten den beste skulen. men eg har ikkje so veldig lyst og jobbe i skule. gidd...
Crossfit Tjue16
769 meter
Velkomen til den nyaste Crossfit Boxen i Førde.
Crossfit Tjue16 er ein moderne og ve...
Erdal Sport - Fiskeavdelinga
842 meter
God service, og svært godt utvalg i fiskeutstyr! DUO, savage gear og berkley bla. Må ...
Yrkesklær As - Jobb & Fritid
863 meter
Opplæringskontoret for elektrofag Sogn og Fj...
896 meter
Vi formidler lærlingeplasser innen disse fagene:
- Elektriker
- Automatiker
- Tavlemo...Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler