"Velkomne til eit av Noregs største og eldste folkemuseum!De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er eit friluftsmuseum med bortimot 40 historiske bygg frå mellomalderen fram til vår eiga tid. Friluftsmuseet ligg i eit flott natur- og kulturlandskap, med slåttemarker, åkrar og beiteområde. Her er gangevegar og stiar, leikeplassar og naturløyper, som gjer det til eit attraktivt turområde både for store og små.Museumsgarden skaper liv i museet, og ikkje minst for borna gir husdyra museumsbesøket ein ekstra dimensjon.I museet sin store hovudbygning finn ein utstillingar knytt til jordbruk, handverk, tekstilar og klede, mat og drikke, og ei utstilling knytt til høgtidsdagane våre."
Adresse: Vestreim , Kaupanger, Sogndalsfjøra
Telefonnummer: 57678206
By: Sogndalsfjøra
Rute: Vestreim , Kaupanger
relaterte søk: Sogn Folkemuseum åpningstider, Hesteggi fra museet, Høgdegarden Fuglesteg