
Velkommen til Djuvik Camping
Djuvik Camping ligg fint til ved Sognefjorden, Plassen ligg langs riksveg 13, mellom Vik sentrum og Vangsnes.
Djuvik Camping har 22 campinghytter av ulik standard og storleik. Vi har også telt-, caravan-, og bubilplassar med mogelegheit for straumtilkopling. Sanitæranlegg med god standard, og eige handikap-rom. Båt-utleige og båthamn for småbåtar.
I tillegg til gode fiske og badetilhøve i Sognefjorden, er det eit fint utgangspunkt for fotturar i skog og fjellområde.
Du kan og nytta deg av dagsturar med båt på Sognefjorden til Fjærland, der kan du vitja Norsk Bremuseum, eller til Flåm og Bergen. I Vik finn ein Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje frå ca. år 1100. Deler av Vikøyri er som ein ”landsby” med eldre freda bygningar i sentrum. I Vik sentrum er også det einaste gamalostysteriet i landet. Laksefiske i Vika-elva 5 km i frå plassen.
Velkommen til spennande naturopplevingar hjå oss.
Fjellheim Camping
496 meter
Fjellheim Camping på Vangsnes vart starta ca. 1960 av Olav Fjellheim. Sidan 1990 har ...Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler