Legg Til
DATABESKYTTELSE - BESTEMMELSER
Firma Redigere | Avlastningsbustad for barn og unge
Navn på selskapet (*):
Info:
Info Avlastingsbustaden ligg lovmessig inn under lov om kommunale helse-og omsorgstenester og er eit kommunalt tilbod i Bømlo. Det aller viktigaste for oss som arbeider i avlastingsbustaden er å skapa tryggleik og trivsel forborna Dykkar. Etikett Born/ ungdom som får innvilga opphald vert sett saman etter alder, funksjonsnivå og ikkje minst om det er nokon dei kjenner frå før eller har eit spesielt ynskje å vera saman med. Me tenkjer også at det er viktig at dei kan få ei meistringskjensle av å vera saman med likesinna, samstundes som ein har noko som er oppnåeleg å strekkja seg mot. Me prøver derfor å ta tak i det dei faktisk kan og byggjer vidare ut frå dette. Til dømes påkledning, handvask, rydda etter seg, vera med å laga mat, ta eigne val og ikkje minst sosial trening. I dette ligg utflukter, teater, kino, ta omsyn til kvarandre etc. Trivselsfaktoren er høg, blant både personale og tenestemottakarane. Me er 8 tilsette i avlastingsbustaden. Else Marie Aakre er dagleg leiar. Personalstaben består av førskulelærar, vernepleiar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, barne og ungdomsarbeidarar og fleire dyktige assistentar. Personale er svært bevisste på kor viktig kommunikasjon er. Sjølv om ein ikkje kan uttrykkja seg verbalt er det fullt mogleg å gjera seg forstått på andre måtar. Mange har jobba i bustaden meir enn 10 år. Det er lite gjennomtrekk av personale. Me skal ta godt vare på barnet Dykkar på ein etisk og forsvarleg måte. Dersom det oppstår noko/eller me lurer på noko tar me kontakt. Brukarmedverknad står heilt sentralt. Det vil sei at me seier oss pliktige til å setja oss inn borna dykkar sine ynskjer, behov og moglegheiter. Det er derfor svært viktig for oss å ha eit godt samarbeid med omsorgspersonane. Har de særlige ynskjer om gjeremål under avlastingsopphaldet, vil det bli tatt omsyn tildette dersom det let seg gjera utan særlege vanskar.
Telefon. (*):
Nettsted:
Email:
åpningstider
Mandag:
-
Tirsdag:
-
Onsdag:
-
Torsdag:
-
Fredag:
-
Lørdag:
-
Søndag:
-
*** Merk plasseringen på kartet
bredde. (*):
lengde. (*):
By (*):
Adresse 1 (*):
Adresse 2:
Postnummer:
Bilde:
Du kan kontakte oss for tilpassede annonsealternativer.