Legg Til
DATABESKYTTELSE - BESTEMMELSER
Firma Redigere | Falturiltu - Nynorsk barnebokfestival
Navn på selskapet (*):
Info:
Info Nynorsk barne- og ungdomsbokfestival på Stord. Rundt 80 arrangement i Hordaland og Rogaland med velkjente, nye og aktuelle forfattarar og musikarar. Geschichte Nynorsk barnebokfestival på Stord i Sunnhordland som går av stabelen i veke 45. 2016 blir den tiande festivalen i rekkja! Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen er rik og variert. Men det er framleis mange, og i dei nynorske områda av landet, som ikkje kjenner godt nok til den. Difor er Falturiltu ein årleg festival, der dei nynorske bøkene og forfattarane blir formidla på litt nye og vågale måtar. Sunnhordlandsforfattarane har lenge stått sterkt i norsk barne- og ungdomslitteratur. Einar Økland, Hans Sande, Rune Belsvik og Ragnar Hovland var sentrale i den store nyskapinga i 1970- og 1980-åra, og etter kvart har det komme til ei rekkje ulike forfattarar i regionen som har skrive gode bøker for born og unge. Me har òg framståande klassikarar som Ragnvald Vaage og Johannes Heggland på dette området. Om me utvidar perspektivet litt nordover og sørover, vil me også få med klassikarar som Per Sivle og Rasmus Løland og fine samtidsforfattarar som Erna Osland, Arnt Birkedal og Finn Øglænd. Det er såleis naturleg at ein nynorsk barnelitteraturfestival er i Sunnhordlandsbyen Stord. Bøker som ikkje er kjende, treng å bli formidla. Særleg gjeld dette bøker som har noko nytt i seg; bøker som provoserer, anten ved tema eller form; bøker med uvanleg motiv og skrivemåte; bøker som bryt sterkt med tradisjonen. Men når det gjeld den nynorske barne- og ungdomslitteraturen, er det trong for å formidla heile spekteret av bøker, både dei nyskapande og dei tradisjonelle. Ikkje minst har det dei siste åra blitt prøvt ut ein del meir populære sjangrar på nynorsk, som kriminal- og spenningslitteratur, og desse bøkene fortener også å komma tydelegare fram i lyset. KVEN ER FALTURILTU? Festivalen er eigd av Stord kommune, og har til no fått støtte av Kulturrådet, Sparebanken Vest, SKL, Fritt ord, UDI, HSH og Samlaget. Roald Kaldestad (festivalleiar), Jane Cathrin Særsten Junger og Hege Myklebust er ansvarlege for utforminga av festivalprogrammet i lag med koordinator Trond Onarheim. Sekretariatet held til hos kulturtenesta i Stord kommune. Festivalen samarbeider tett med Sunnhordland Museum, Stord folkebibliotek, Høgskulen Stord Haugesund, Stord Mållag, Stord kulturskule og Stord kunstlag. Falturiltu er nær samarbeidspartnar med litteraturfestivalane bLest (http://www.blestlitteratur.no/) og SILK (http://silkfestival.no/).
Telefon. (*):
Nettsted:
Email:
åpningstider
Mandag:
-
Tirsdag:
-
Onsdag:
-
Torsdag:
-
Fredag:
-
Lørdag:
-
Søndag:
-
*** Merk plasseringen på kartet
bredde. (*):
lengde. (*):
By (*):
Adresse 1 (*):
Adresse 2:
Postnummer:
Bilde:
Du kan kontakte oss for tilpassede annonsealternativer.