Legg Til
DATABESKYTTELSE - BESTEMMELSER
Firma Redigere | Artige Skruar
Navn på selskapet (*):
Info:
Info Artige Skruar er kunst/brukskunst som skaper liv av skruar og mutrar - med ein humoristisk vri. Geschichte Etter nokre tiår med design og produktutvikling som yrke, er tida inne for å realisere nokre fantasiar og idear som har lege i den mentale fryseboksen til no. Artige Skruar er eit kunstprosjekt skapt på PC-en med 3D-programvare og levert frå kjøkenbordet, og eg er åleine om både design, utvikling og produksjon - om nokon skulle tru noko anna. Artige Skruar er kunst/brukskunst med uhøgtideleg humor i botnen; figurar som viser menneskelege situasjonar og aktivitetar - sett med eit skråblikk. Figurane er sette saman av skruar, mutrar, stoppskiver og andre mekaniske hyllevarer. Dei kan opptre åleine eller i gruppe og posere i kva stilling som helst. Dei til vanleg døde og kalde jernvarene får liv gjennom figurane sitt kroppsspråk, og med nokre få delar i forskjell vert figuren til mann eller kvinne. Dette er finurleg handarbeid og ingen like figurar er heilt like. Dei fleste tablåa er monterte på ein sokkel av lakkert, heiltre bjørk. Artige Skruar er under utvikling, og ulike tema vil kome til etter kvart, slik som sport, fritid, arbeid, musikk, skulptur, religion, samliv og mykje anna. Gjenstandane kan vere til rein dekor eller ha ein bruksfunksjon. Artige Skruar kan vere ein idé til premie i ulike konkurransar, firmagåve eller som ei gåve til deg sjølv eller til andre med ein spesiell hobby eller interesse. Det kan også lagast tablå etter kunden sitt ynskje. På spørsmål og mot eit pristillegg, kan ein først få eit forslag vist som eit digitalt bilde i 3D. Figurane vil kunne kjøpast frå websida artigeskruar.no, som er under konstruksjon, men kan også bestillast frå denne Facebook-sida ved å sende meg ei Melding, bruke Messenger eller opne ein e-post frå knappen øverst på sida: ivar.mork@outlook.com
Telefon. (*):
Nettsted:
Email:
åpningstider
Mandag:
-
Tirsdag:
-
Onsdag:
-
Torsdag:
-
Fredag:
-
Lørdag:
-
Søndag:
-
*** Merk plasseringen på kartet
bredde. (*):
lengde. (*):
By (*):
Adresse 1 (*):
Adresse 2:
Postnummer:
Bilde:
Du kan kontakte oss for tilpassede annonsealternativer.