Legg Til
DATABESKYTTELSE - BESTEMMELSER
Firma Redigere | Stene Matglede
Navn på selskapet (*):
Info:
Info Mat er så mykje meir enn bare næring! Geschichte Stene Matglede vil gjerne hjelpe deg til å finne gleda ved matlaging og ikkje minst matnyting, anten ved å hjelpe deg til å lage spennande mat sjølv eller ved å lage den nydelige maten du ønsker deg til ei festleg anledning. Eg arbeider deltid som kokk ved To Kokker og Enhjørningen på Bryggen i Bergen. Stene Matglede er mitt frilansprosjekt som eg har starta rett og slett fordi eg elskar og lage mat! Med fagbrev og mesterbrev som kokk har eg no arbeid i serveringsbransja i snart 13 år. I tillegg har eg teke ein bachelor i italiensk språk ved Universitetet i Bergen og studert fleire semester i Italia. Eg har forelska meg i italiensk mat- og nytelsesfilosofi, noko eg syns vi bryr oss for lite om i Norge. Der nede stiller ein klokka etter måltida og gamlemor på kjøkkenet, ein nyt gjerne tre retter i lunsjpausa og tek helst eit glass vin med litt snacks på vei heim for å kle seg om til middag. Mat er religion og la nonna (bestemor) er gudinna! Det viktigaste i livet er å ta ting som dei kjøm, stresse ned og hugse på å nyte kvar dag med litt enkel ujålete og fantastisk god mat, og sjølvsagt eit glass fyldig rødvin. Mat kan vere så mykje meir enn ein trur her oppe i det kalde nord. Vi har tilgang på så mykje gode råvarer og med nokre gode idear kan vi prøve å skape litt magi i kvardagen og dermed gjere kvardagen til ein fest! Med Bergens minste cateringselskap vil eg sørge for eit annaleis selskap, jubileum, julebord, bryllup eller konfirmasjon, der du ikkje treng bekymre deg for kva som skjer på kjøkkenet All mat vert laga frå grunnen av, om mogleg med lokale råvarer, og tilbredt i lokalet du ønsker. Menyen vert utarbeid ilag med deg som kunde og basere seg i hovudsak på dine ønsker, arrangementets størrelse og lokalet sine muligheter. Eg kjem med idear og innspel undervegs og saman skreddarsyr vi ein spennande meny for din event. Ta kontakt på a-li-ste@online,no"Stene Matglede Catering tilbyr cateringtjenester til ei kvar anledning. Kvart oppdrag skreddersys saman med kunde. Kokk Anne Lill Stene holder til i Bergen, men kan ta på seg oppdrag kvar som helst.Lunsj på Hjul er ei abbonementstjeneste med lunsj som syklast ut og blir levert på døra til dei som vil ha berekraftige lunsjer i Bergensområdet.Hovedfokuset til Stene Matglede er god og smakfull mat, med fokus på berekraft og det lokale."
Telefon. (*):
Nettsted:
Email:
åpningstider
Mandag:
-
Tirsdag:
-
Onsdag:
-
Torsdag:
-
Fredag:
-
Lørdag:
-
Søndag:
-
*** Merk plasseringen på kartet
bredde. (*):
lengde. (*):
By (*):
Adresse 1 (*):
Adresse 2:
Postnummer:
Bilde:
Du kan kontakte oss for tilpassede annonsealternativer.