Legg Til
DATABESKYTTELSE - BESTEMMELSER
Firma Redigere | Manger Ungdomslag / Solvang
Navn på selskapet (*):
Info:
Info Manger Ungdomslag er eit frilynt lag for meiningsfylte og allsidige fritidsaktivitetar. Geschichte Manger Ungdomslag (MUL) Ungdomshusa vaks fram rundt 1905 og hadde si største blomstringstid i 1920- og 30-åra. Ungdomslagshusa var og er ikkje berre klubbhus for skrivne lagsmedlemmer. Ungdomshusa vart viktige grendahus og kulturhus i sine områder. Manger Ungdomslag er eit frilynt lag for meiningsfylte og allsidige fritidsaktivitetar. Laget eig ungdomshuset Solvang og hovedoppgåva er å skaffe inntekter til drift av huset. Laget skal være ein aktiv medspelar i utviklinga av eit levande og godt nærmiljø for alle som bur på Manger og omegn. Manger Ungdomslag ynkjer å skape eit betre lokalsamfunn gjennom meiningsfylte kulturaktivitetar. Det er medlemene som gjennom årsmøtet vedtar arbeidsprogram og budsjett, godkjenner årsmeldingar og rekneskap, fastset kva politiske standpunkt ungdomslaget kan ta, og som vel kven som skal styre laget. Ungdomslaget har vedtekter som medlemene har bestemt, som fortel kva føremålet til laget er og som legg rammene rundt engasjementet og aktiviteten i laget. Manger Ungdomslag er eigar og driftar av ungdomshuset Solvang. Drifta vert gjort på dugnad. Trivelege samlingstader er eit vilkår for all sosial og kulturell verksemd i bygd og by. Dessutan er dugnad engasjerande og samlande for dei som er med. Solvang vart bygd i 1919. Huset har vorte utvida, det har vorte laga parkeringsplas utanfor, samt pussa opp innvendig fleire gongar i løpet av alle desse åra. Siste oppussing var sommaren 2014 der heile huset innvendig, utanom kjøkkenet vart pussa opp. Nye vindauge, delvis ny kledning og ny farge utvendt, i tillegg til ein stor terrasse på oppsida av huset. Huset framstår no som ein flott plass å arrangera ulike tilstelningar. Huset vert brukt til aktivitetar i regi av MUL men vert også leigd ut til bryllaup, barnedåp, åremålsdagar, konfirmasjonar, kurs, møter etc. Salen er ca 110m2 og det er stolar/bord/ dekketøy til ca 85 pers. Solvang har ein scene på 30m2 med tilhørande scenerom. Huset har tilkomst for rullestolbrukarar og handikapptoalett. Styret i Manger Ungdomslag er: Raymond Stordal (leiar) 92419554 Else Marie Nødtvedt (Kasserar) 98823011 Bjørn Erik Klausen 90236699 Gjermund Lervik 99599977 Bente Ynnesdal 92062029
Telefon. (*):
Nettsted:
Email:
åpningstider
Mandag:
-
Tirsdag:
-
Onsdag:
-
Torsdag:
-
Fredag:
-
Lørdag:
-
Søndag:
-
*** Merk plasseringen på kartet
bredde. (*):
lengde. (*):
By (*):
Adresse 1 (*):
Adresse 2:
Postnummer:
Bilde:
Du kan kontakte oss for tilpassede annonsealternativer.