Legg Til
DATABESKYTTELSE - BESTEMMELSER
Firma Redigere | Bell Ungdomsklubb
Navn på selskapet (*):
Info:
Info BELL UNGDOMSKLUBB Uformell møteplass FOR ungdom AV ungdom Geschichte OPNINGSTIDER OG ALDERSGRENSE Tysdagar 18-22 - med aldersgrense frå det året ein fyller 13 år til 20 år. Fredagar 18-23 - med aldersgrense frå 8.klasse til 20 år. OM BELL Bell Ungdomsklubb er eit rusfritt tilbod som byr på aktivitetar og arrangement. Tilsette er vegleiarar og samtalepartnarar – med mål om å gi ungdommane trygge rammer og positive opplevingar. På Bell kan ungdom få vise fram sine talent – men dei kan også berre vere der utan krav – møte venner og bli kjende med nye folk. Ungdommane sjølve får vere med å bestemme kva som skal skje på ungdomsklubben. Vi har til dømes hatt diskotek, konsertar, ulike turneringar (biljard, PS3, pingpong, dart, airhockey). PRAKTISK Bell Ungdomsklubb er over to etasjar. Oppe er det kafé med kiosk, tv og spelemulegheiter. Nede er det scenerom der vi har arrangement og diskotek samt pingpong-bord. - samt eit rom med biljardbord, air hockey og dart. Dette rommet er også øvingslokale Hjalmar - der ungdommar i band eller aleine kan booke øvingstid. VAKSNE OG UNGDOMS-CREW Ungdomsarbeidar og MOT-koordinator Marie Flatin er leiar på Bell. Fredagar har ho med seg ein vaksen til. Desse er skuleåret 2015/2016: Natalie Strandebø, Mari-Ellen Løseth og Henriette Pettersen. Ungdomsklubben samarbeider også med Natteramn-laget, som etter planen skal ha to av natteramnane stasjonert på ungdomsklubben sitt uteområde kvar fredag om behov. Desse, saman med eit ungdoms-crew på kring 15 ungdommar, vil jobbe for å gi ungdommane i Ulstein ein trygg og kjekk stad og vere. Foreldre er velkomne til å ta turen innom for å sjå korleis vi har det! Lurer du på noko? Kontakt Ungdomsarbeidar-Marie Flatin på Facebook, mobil: 97 57 81 95, epost: marie.flatin@ulstein.kommune.no
Telefon. (*):
Nettsted:
Email:
åpningstider
Mandag:
-
Tirsdag:
-
Onsdag:
-
Torsdag:
-
Fredag:
-
Lørdag:
-
Søndag:
-
*** Merk plasseringen på kartet
bredde. (*):
lengde. (*):
By (*):
Adresse 1 (*):
Adresse 2:
Postnummer:
Bilde:
Du kan kontakte oss for tilpassede annonsealternativer.