Legg Til
DATABESKYTTELSE - BESTEMMELSER
Firma Redigere | Hjørundfjord Sogelag
Navn på selskapet (*):
Info:
Info Hjørundfjord Sogelag er ein organisasjon som arbeider med å dokumentere historie frå Hjørundfjord for dei komande slekter. Geschichte Hjørundfjord sogelag vart skipa 11.januar 1978 og hadde såleis 25-årsjubileum i 2003. I mars månad var det stor høgtiding av dette jubileet på Bondalen Grendahus. "Laget skal arbeide for å ta vare på minne om folkelivet i farne tider. Eit vidare mål for laget er å skape interesse for fortida og knyte band mellom folket før og no, og vidare til komande slekter". Denne målsetjinga har medlemane i fellesskap arbeidd for å nå. Første storprosjektet til sogelaget var Hjørundfjordutstillinga i juni 1979. Kring 1200 eldre ting var utstilte på Sæbø skule. 3700 vitja utstillinga- eit økonomisk grunnlag var lagt - nye tiltak kunne realiserast. Første kulturvernprosjektet vart Strandabøen, seinare har sogelaget vore særleg aktive med vernearbeid i Storfjordområdet. Både Tue- og Tingstova, og siste året, Jod-buda på Bjørke har vore særleg viktige prosjekt for sogelaget. Våren 2003 vart restaureringa av Jod-buda med torvtak vere avslutta. Elles må vel arbeidet med årsskrifta nemnast. Lista over årsskrifta viser at fleire vesentlege emne er handsama. Innhaldsregistera i årsskrifta viser ei uvanleg breidde med omsyn til artikkelskribentar. Hjørundfjordingane har til fullnad vist at dei er skriveføre, og det må vere rett å seie at utruleg mange har vore med i arbeidet som ligg bak 25årsskrift på til saman 4536 sider. Mykje verdfullt tradisjonsstoff frå Hjørundfjorden er dermed sikra for komande generasjonar, og breidda i stofftilfanget er stor;vi får høyre om glede og sorg, spaning og slit, kvardagsliv og høgtid , fiske og fangst. Vi møter fjorden i solskin og svartestille, men også i eit einaste rok opp-piska av rasande tynnaknutar medan snøfonnene buldrar i fjellsidene. Ofte kjem vi nær menneska som kavar og slit for levebrødet i denne mektige, men krevande naturen. Vi møter dei kippskodde i guthelgdansen på sætra, men også i dramatisk kamp for sitt bare liv under snøfonna. Alle med slekt og/eller interesse for Hjørundfjorden må kike grundig gjennom innhaldsregistera til årsskrifta! Mange av årsskrifta er vi i ferd med å bli utselde, så det hastar for dei som vil sikre seg dette stoffet Unsere Aufgabe Å dokumenetere og ta vare på historiske kjelder frå Hjørundfjord for dei komande slekter. Produkte Hjørundfjord Sogelag gjer kvart år ut eit årskrift som heiter: "Frå Hjørundfjord". Det er mogleg å tinge desse frå denne sida.
Telefon. (*):
Nettsted:
Email:
åpningstider
Mandag:
-
Tirsdag:
-
Onsdag:
-
Torsdag:
-
Fredag:
-
Lørdag:
-
Søndag:
-
*** Merk plasseringen på kartet
bredde. (*):
lengde. (*):
By (*):
Adresse 1 (*):
Adresse 2:
Postnummer:
Bilde:
Du kan kontakte oss for tilpassede annonsealternativer.