Legg Til
DATABESKYTTELSE - BESTEMMELSER
Firma Redigere | Opplev Austrheim
Navn på selskapet (*):
Info:
Info Opplev Austrheim AS vart starta opp i juni 2015 av lokale eldsjeler som ynskte å syne fram den flotte kystkommunen vår og regionen rundt. Sykkelutleige Geschichte Sykkelutleige: Vi har syklar som kan ta deg rundt i vakre Austrheim på ein stille og roleg måte. Opplev badestrender, bruer, straumar, øyar, flotte kulturlandskap, freda naustmiljø og kanskje ein stopp for litt fisking frå land. Opplev Austrheim AS har utgangspunkt i Mastrevik Torg. 2 EL-syklar og 6 gode tursyklar står klar for deg. Austrheim - Øyeventyr frå sykelsetet: Om du kjem med Norled sin hurtigbåt til Vardetangen, eller med buss eller bil, så har me ein sykkel klar til deg. Kart og gode anbefalingar for stader å sykle til får du hjå oss. Du kan kombinera sykkelturen med god mat hjå Kjelstraumen vertshus. PRISAR: EL-sykkel - kr. 300,- pr dag Sykkel - kr. 150,- pr. dag Langtidsleige – ta kontakt for tilbod Bestill gjerne sykkel på førehand. MENYPUNKT: Anbefalte aktivitetar: Turar i Austrheim Vi kan leggje opp forslag til fotturar du kan ta medan du vitjer kommunen vår. Vi kan gjerne alt no anbefale to av turane. Den første er til det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg, til Vardetangen (www.vardetangen.no). Ein enkel, kort og grei tur i kystlandskapet. Turen kan gjerast fram og tilbake, eller som rundtur. Tek du rundturen går vegen via friluftsområdet Årvika. Ei flott badestrand, med gapahuk, svaberg, og toalett. Den andre turen vi vil anbefala her er ut til Krossøygavlen. Dette er også ein kort og grei tur i flott kulturlandskap. Denne turen kan gjerast til reine historietimen med lokalkjend guide som tek deg med innom eit freda naustmiljø, gardsmuseum, smie og opp på Storhaugen. Frå denne haugen på 32 moh kan du sjå til 17 kommunar. Turar rundt i Austrheim kan kombinerast med eit måltid mat, kulturelle innslag eller andre ting om de ynskjer det. Ta kontakt for info og pris. Du kan også finne fleire gode turar med utgangspunkt i Austrheim sentrum. Ta kontakt for meir info kan du få enten hjå Turistinformasjonen i kommunehsuet eller hjå Opplev Austrheim AS. Fridykking Austrheim er eit eldorado for fridykking. Fosnstraumen er «verdskjend» for sine gode forhold for UV-jakt. Vi er behjelpelege med utstyr og guider. Dykkarturar Straumdykk, vrakdykk eller andre spanande dykk? I Austrheim finn du alle muligheter for eit dykk som passar dine intresser og ynskjer. Opplev Austrheim AS samarbeider med erfarne dykkarar som kan ta deg med til «ditt beste dykkarøyeblikk». Kajakk Austrheim er eit spanande og flott område for kajakktur. Mellom holmar og skjer, eller ut mot storhavet der bølgene gjev deg solide utfordringar. Mulighetane er mange. Du kan kombinere padleturen med å gå i land på ein holme eller ei øy med spanande historie, til dømes Krossøy eller Selsøy. Opplev Austrheim AS formidlar kjakkutleige og ynskjer du å ha med guide så kan vi hjelpe med det også. Krav for leige av kajakk er våtkort. Fisketur Bli med på fisketur i skjergarden i Austrheim eller lenger ut mot storhavet og Holmen Grå om det fristar meir. Båtturar Vi kan tilby deg ulike båtturar for å oppleva Austrheim frå sjøsida. Mellom holmar og sund, under bruer og ut mot øyane i Austrheim. Variasjonen er stor. Du kan gå i land på «din eigen holme» og ete nista. Kor lenge båtturen skal vare er opp til deg. Minste tid er 60 min. Om du ynskjer meir fart og spaning er kanskje eit skjergardscruise med RIB meir di greie. Vår samarbeidspartner har plass til 12 om bord i kvar båt, og dei har hestekrefter og fart nok. Ta kontakt for info og pris. MENYPUNKT: Feriehus, hytter og overnatting Opplev Austrheim AS kan tilby feriehus/hytter på vegne av kunder. Ta kontakt for info og pris. Kan også formidlar også overnattingar på gjestehus og hotell Opplev Austrheim AS er på jakt etter gode utleigeobjekter. Ta kontakt om du ynskjer å leige ut ditt feriehuset, hytte eller det gamle gårdshuset som står tomt?
Telefon. (*):
Nettsted:
Email:
åpningstider
Mandag:
-
Tirsdag:
-
Onsdag:
-
Torsdag:
-
Fredag:
-
Lørdag:
-
Søndag:
-
*** Merk plasseringen på kartet
bredde. (*):
lengde. (*):
By (*):
Adresse 1 (*):
Adresse 2:
Postnummer:
Bilde:
Du kan kontakte oss for tilpassede annonsealternativer.