Her på Een gard under Lønahorgi på Voss, har familien vår halde til i generasjonar. Produksjon av grasfôra kalvekjøt er det me gjer best.
Her på Een gard under Lønahorgi på Voss, har familien vår halde til i generasjonar. Produksjon av grasfôra kalvekjøt er det me gjer best. Dyra våre av den utryddingstruga, lokale storferasen Vestlandsk fjordfe. Og som vår kunde bidreg du altså til å oppretthalde bestanden. For å gi noko meir kjøttfylde på kalvane nyttar me eigen okse av rasen Angus Aberdeen.
Kalvane kjem til verda i perioden mars–juli, og lever saman med mora heile livet. Dei har eit godt og naturleg liv ute i det fri. Frå mai og til midt i oktober beitar dyra i utmarka rundt garden og i fjellbeita. Urter, bladverk, lyng og gras er hovudnæringa til dyra, og dei får ikkje kraftfôr. Dette gir kjøt av særs høg kvalitet.
Garden vår er økosertifisert, og mesteparten av maten dyra får i seg er økologisk. Då me no har gjort avtale med det lokale Voss bryggjeri om å ta imot maltrestar som fôr til dyra, kan kjøtet likevel ikkje definerast som økologisk. Men me meiner uansett at det er riktig å utnytte ein slik ressurs i lokalmiljøet, i staden for å kjøpe økologisk kraftfôr som er importert frå utlandet. Bryggjeriet blir kvitt det brukte maltet på ein enkel måte, og dyra våre set stor pris på litt variasjon i kosten. Betre for miljøet er det også!
Levering på Voss og i Bergen
Kontaktinfo:
[email protected]
tlf.: 93 09 25 24
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler