Eid Musikklag er eit janitsjarkorps for unge og vaksne amatørar. Korpset vart skipa i 1913 under namnet Kjøsnesmusikken på Nordfjordeid. I dag har korpset over 30 aktive musikarar.
Historia bak Eid Musikklag
Eid Musikklag vart skipa 25. november 1913, den gong under namnet Kjøsnesmusikken. Dagens Eid Musikklag er soleis ei forlenging av dette militærkorpset som hadde tilhald på eksissplassen Malakoff på Nordfjordeid frå 1649, den eldste eksisplassen her til lands. Kjøsnesmusikken vart leia av Fanejunker Samuel Kjøsnes (1861 -1933), som var musikkoffiser ved IR10 på Nordfjordeid. Det var via militæret og Kjøsnesmusikken at nordfjordingane lærte seg notar, noko som seinare har lagt grunnlaget for eit blomstrande musikk- og kulturliv i bygdene i Nordfjord.
I meir enn 100 år var eksisplassen og det som der gikk føre seg, eit sermerkt innslag i folkelivet her på Eid. Rekruttskulen med omlag 300 mann kalla dei læreturen, og bataljonsamlinga med 1200-1500 mann kalla dei storturen.
Alle mann; offiserar, underoffiserar og soldatar vart innlosjert i hus på Eid og dei næraste gardane kring. Romslig var det nok ikkje alltid korkje for soldatar eller husets folk. Husa var ofte små og lite tenlege for leigeboarar, det vere seg både for sengeplass og sanitære forhold medan samlingane varte.
I Oberst Holtermann si tid (kring 1895-1900) her på Eid var nok Kjøsnesmusikken på topp i kvantitet og kvalitet. Oberst Holtermann var ein barsk offiser som likte å ha orden på tinga både under feltøvingar og paradar på Plassen der Kjøsnesmusikken eldna soldatane og fryda dei skuelystne eidarane som var møtt fram i stort antall.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler