Inst i Europa sin lengste og flottaste fjord, Sognefjorden, finn du Eikum Hotell, sentralt plassert ved idylliske Hafslovatnet.
Eikum Hotel ligg 16 km frå Sogndal, og har 55 rom, restaurant, gode møte- og konferansefasilitetar.
Vårt tradisjonsrike hotell, som har vore kjent for sin personlege service og heimelaga mat sidan 1919, framstår i dag som eit moderne fullservice-hotell, men framleis med sin heimlege atmosfære i god behald!
Eikum Hotell og Hafslo er eit glimrande utgangspunkt for mektige naturopplevingar, anten du prioriterer krevande breturar på Jostedalsbreen, rolege sightseeingturar på Sognefjorden eller mangfaldige kulturopplevingar, mellom anna til Urnes Stavkyrkje.
Les meir om Eikum og våre mange attraksjonar på www.eikum.no, og ta turen til Sogn og opplev eit av dei finaste naturområda i Noreg.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler