facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Elvarheim Museum

Elvarheim Museum

Info

Museet der du kan sjå lokale dyr på nært hald. Kvart år har museet ei ny og spennande utsilling som tek utgangspunkt i Åmli si historie og kultur.

Historie

Elvarheim museum tar for seg utnytting av skogen og hausting i naturen. På museet kan ein sjå alle dei fire store rovdyra bjørn, ulv, jerv og gaupe og mange andre mindre rovdyr og fuglar, i tillegg til ei flott utstilling om bever. Du finn også feller, fangstreiskapar og anna som vitnar om menneske si utnytting av naturen i fortid og samtid.

Fangstmannen Aslak Harstveit

Museet bygger opphavleg på samlinga etter fangstmannen Aslak Harstveit frå Åmli.


I ”Aslak-rommet” finn du både rovdyr og dei jaktbare småviltslaga, omgitt av sitt naturlege miljø. Du kan også få sjå gamle feller og sakser.

Eit ”nattrom” syner fuglar og dyr som helst er ute i mørket, og i ”fuglerommet” er mange av fuglane i Åmli og Agder presenterte, både i lyd, bilete og utstoppa form. Her finn du også ein orrleik.

I ”knivrommet” er Aslaks samling på meir enn 200 knivar stilt ut.

Boka ”Fangstmannsminne” , der Aslak fortel forfattaren Andreas Vevstad om vilt, fangstmetodar og opplevinga i naturen, er nyttig bakgrunn for eit besøk på museet.

Bjørneskyttaren Olav Tverrstøyl

Olav Tverrstøyl (1845-1938) frå Åmli var den største bjørneskyttaren på Agder gjennom tidene. I løpet av si tid som jeger felte han 96 bjørnar, dvs. om lag kvar tiande bjørn som vart skoten i Aust-Agder og Telemark. Olavs liv og lagnad er spanande skildra i Andreas Vevstads bok ”Bjørneskyttaren Olav Tverrstøyl”.


I ”Tverrstøyl-rommet” finn du m.a. Olavs bjørnebørse, ski, klede, fiskereiskapar og handelsvarer. Her kan du også treffe ein ekte bjørn ved namn ”Lillepekka”, som slett ikkje lever opp til namnet sitt.



Det vesle folket - beverens liv over og under vatn

Åmli er beverkommunen framfor nokon. På slutten av 1800-talet var beveren nær utrydding, og berre ein liten stamme på 60-100 dyr var att, med hovudsete i Åmli. Herfrå blei beveren eksportert til store delar av verda. I dag er det rundt 70 000 dyr berre i Noreg.

For å markere beveren si spesielle stilling i Åmli, har Åmli kommune i dag ein bever i kommunevåpenet sitt. I 2014 kjøpte Elvarheim museum utstillinga “Det vesle folket” frå firmaet Naturama i Kristiansand. Utstillinga fyller det meste av kjellaretasjen i museet, og viser gjennom plansjar, film, utstoppa dyr og montrar som dei minste kan krype inn beveren si kulturhistorie, leveresett og naturmiljø både over og under vassflata. Du kan også sjå korleis beveren har det inne i hytta si. Her kan du båade sjå, kjenne og lukte på beveren!


Felemakaren Sveinung Gjøvdland

Åmli har ein rik folkemusukktradisjon, og Sveinung Gjøvland var i si tid ein av landets beste felemakarar. Verkstaden hans er utstilt i eit lite rom i festsalen i 2. etasje. Det er også skrive ei flott bok om Sveinung Gjøvland med tittelen "Felemakaren". Denn får du kjøpt i museumsbutikken.



Kulturhus og kommunestyrelokale sidan 1925

Elvarheim blei bygd på initiativ frå Ungdomslaget og Åmli kommune i 1925, og har sidan husa både kommunestyremøter, skule, bibliotek, kino og mykje anna. I 1989 gav delar bygningen rom for Elvarheim museum. Festsalen i 2. etasje fungerer framleis som kulturhus og rommar festar, konsertar, bygdekveldar og ulike framsyningar. Takmåleria av Ragnvald Einbu viser utsnitt av Åmli-natur, og er vel verd å få med seg.

Kilde: http://www.aaks.no/opplev-paa-kuben/lokale-museer/elvarheim-museum/elvarheim-museum/


Adresse: Gamle Gjøvdalsvegen 2, 4865 Åmli
Telefonnummer: 37081406
By: Åmli
Rute: Gamle Gjøvdalsvegen 2
Postnummer: 4865



relaterte søk: elvarheim museum åpningstider, elvarheim åpningstider, elvarheim band, åmli kommune, eydehavnmuseet, elvarheim elverum, z museum, hillestad galleri
Anmeldelser
Koselig lite museum . Jeg synes utstillingen med bunader og klær fra 1700 - 1900 tallet var verdt besøket. Betjeningen var kunnskapsrik på detaljer om kjoler og bunader.Besøkte stedetPå en ukedagVentetidIngen ventetidForhåndsbestilling anbefalesNei
Hyggelig guide, og mye å se. Skulle hatt bedre tid.
Flott spesielt sted
Spennende utstilling.
Vi var bare i museet en kort stund fordi det også er et turistinformasjonssenter. De var veldig hyggelige og ga oss informasjon om andre turstier osv. Vi vandret/klatret deretter opp Trogfjellstige på motsatt side. I motsetning til Komoot-notatet om at dette er en enkel rute, må vi dessverre attestere det motsatte! Den blir gradvis brattere og er ofte jevn og steinete. Vi er spreke og syntes det var kjempebra – men på grunn av barna måtte vi snu.
Fint lite museum med gratis omvisning. Det var interessante fakta om Bieber. Barna koste seg også.
Et fint lite lokalt museum, hvor du har lov til å ta på de utsatte dyrene.
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler