
Eg heiter Jenny-Marie og har starta eit lite gardsbakeri i Erketunet. Eg er gift med Kjartan og vi har 5 born, 25 kyr, 35 sauer, 16 høner og hunden Tinka.
I bakeriet skal det i hovedsak produserast brød og anna gjærbakst. Om produksjonskapasiteten er høg nok, vil det og bli laga t.d knekkebrød, julekaker/kjeks og ulik takkebakst.
Mjølka på garden vert nytta som råvare. Vi har separator som vi bruker fast til eige hushald. Vi lagar rømme, surmjølk, smør og yoghurt. I bakeriet vil eg nytte dette i stor grad, særleg surmjølk. I dei fleste brøda har eg surmjølk, noko som eg meiner gjev ein saftig og god bakst. Egga frå hønene nyttar eg og.
Mjølet kjøper eg frå Holli Mølle som ligg i Østfold. Alt mjølet deira er steinmalt og økologisk. Eg brukar mykje dei gamle mjølsortane som t.d spelt og emmer.
Les meir om mjølet eg brukar her: http://www.holli-molle.no/
Følg oss gjerne og på Instagram; erketunet.gardsbakeri
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler