Etne kommune ligg sør i Hordaland fylke. Totalt flatemål er 708 kvadratkilometer og innbyggjartalet er om lag 4.000.
Landbruk har i alle tider vore viktigaste leveveg i kommunen, og Etne er i dag blant dei største landbrukskommunane i Hordaland. Elles har kommunen mange arbeidsplassar innanfor mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar.
Gravhaugar, helleristningar, runer og bygdeborger vitnar om eldgammal busetnad. Tilgangen på kulturtilbod og naturtilbod frå fjord til fjell er variert og god. Dette nyt reiselivet godt av, og næringa er veksande. Rundt 600 fritidshus er i dag å finne i kommunen.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler