facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for EU-nett SFJ

EU-nett SFJ

Info

EU-nettverk Sogn og Fjordane er et regionalt nettverk som skal hjelpe lokale aktørar å kome med i verdas største forskingsprogram, Horisont 2020.

Historie

EU-nettverk Sogn og Fjordane skal hjelpe lokale aktørar å kome med i verdas største forskingsprogram, Horisont 2020.

Gjennom EU-nett SFJ får innovative verksemder høve til å samarbeide med offentlege etatar og forskarar om å utvikle gode idear og løfte dei til eit internasjonalt nivå.

EU-nett SFJ vil prioritere områda energi, miljø, klima og IT. Alle som ønskjer å følgje aktivitetar innan desse områda, kan delta i nettverket. Nettverket er ope for aktørar frå offentlege etatar, næringsliv og FoU-miljø i Sogn og Fjordane. Gjennom nettverket vil deltakarane få informasjon om kva moglegheiter som finst innan Horisont 2020, korleis dei bør gå fram, og kven dei kan samarbeide med.

Målet med nettverket er at næringsliv, offentlege aktørar og FoU-miljø i Sogn og Fjordane i auka grad skal delta i Horisont 2020. For å lukkast med internasjonalt FoU-arbeid trengst det mellom anna ein god prosjektidé, innsats over tid, internasjonalt nettverk, samarbeid med FoU-aktørar og kompetanse i eiga verksemd. Deltaking i EU-nett SFJ gjer dette arbeidet lettare.

Medlemmane i nettverket kan delta på møte, kurs, arbeidsverkstader og konferansar for å auke eigen kompetanse. Nettverket vil nytte lokale ressurspersonar, men også hente inn kompetanse utanfrå. Det vil bli brukt digitale verktøy for å auke utvekslinga av idear og informasjon til og mellom medlemmane. Nettverket vil også arrangere studieturar til Brussel og Horisont 2020-arrangement i Norge og Europa.

Gjennom nettverket vil medlemmane få informasjon om relevante program og prosjekt.

EU-nettverk Sogn og Fjordane er støtta av Forskningsrådet. Forskningsrådet sitt mål med å støtte EU-nettverk er auka mobilisering og deltaking i Horisont 2020, gjennom auka kompetanse, betre samarbeid mellom sentrale aktørar, læring og deling av god praksis og utvikling av alliansar.

Adresse: Sogn og Fjodane, 6856 Sogndalsfjøra
By: Sogndalsfjøra
Rute: Sogn og Fjodane
Postnummer: 6856


Nærliggende lignende selskaper
Sogndal Turlag Sogndal Turlag 438 meter DNT lokallag for Sogndal og Leikanger
Møteplassen sogn Møteplassen sogn 796 meter Møteplassen er eit sosialt treffpunkt for vaksne. Møteplassen er open for alle og arr...
Senioruniversitetet i Sogn Senioruniversitetet i Sogn 809 meter Senioruniversitetet i Sogn arrangerer foredragskveldar og turar med ulike tema som er...
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler