facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Falturiltu - Nynorsk barnebokfestival

Falturiltu - Nynorsk barnebokfestival

Info

Nynorsk barne- og ungdomsbokfestival på Stord. Rundt 80 arrangement i Hordaland og Rogaland med velkjente, nye og aktuelle forfattarar og musikarar.

Historie

Nynorsk barnebokfestival på Stord i Sunnhordland som går av stabelen i veke 45. 2016 blir den tiande festivalen i rekkja!

Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen er rik og variert. Men det er framleis mange, og i dei nynorske områda av landet, som ikkje kjenner godt nok til den. Difor er Falturiltu ein årleg festival, der dei nynorske bøkene og forfattarane blir formidla på litt nye og vågale måtar.

Sunnhordlandsforfattarane har lenge stått sterkt i norsk barne- og ungdomslitteratur. Einar Økland, Hans Sande, Rune Belsvik og Ragnar Hovland var sentrale i den store nyskapinga i 1970- og 1980-åra, og etter kvart har det komme til ei rekkje ulike forfattarar i regionen som har skrive gode bøker for born og unge. Me har òg framståande klassikarar som Ragnvald Vaage og Johannes Heggland på dette området.

Om me utvidar perspektivet litt nordover og sørover, vil me også få med klassikarar som Per Sivle og Rasmus Løland og fine samtidsforfattarar som Erna Osland, Arnt Birkedal og Finn Øglænd. Det er såleis naturleg at ein nynorsk barnelitteraturfestival er i Sunnhordlandsbyen Stord.

Bøker som ikkje er kjende, treng å bli formidla. Særleg gjeld dette bøker som har noko nytt i seg; bøker som provoserer, anten ved tema eller form; bøker med uvanleg motiv og skrivemåte; bøker som bryt sterkt med tradisjonen. Men når det gjeld den nynorske barne- og ungdomslitteraturen, er det trong for å formidla heile spekteret av bøker, både dei nyskapande og dei tradisjonelle. Ikkje minst har det dei siste åra blitt prøvt ut ein del meir populære sjangrar på nynorsk, som kriminal- og spenningslitteratur, og desse bøkene fortener også å komma tydelegare fram i lyset.

KVEN ER FALTURILTU?
Festivalen er eigd av Stord kommune, og har til no fått støtte av Kulturrådet, Sparebanken Vest, SKL, Fritt ord, UDI, HSH og Samlaget.

Roald Kaldestad (festivalleiar), Jane Cathrin Særsten Junger og Hege Myklebust er ansvarlege for utforminga av festivalprogrammet i lag med koordinator Trond Onarheim. Sekretariatet held til hos kulturtenesta i Stord kommune.

Festivalen samarbeider tett med Sunnhordland Museum, Stord folkebibliotek, Høgskulen Stord Haugesund, Stord Mållag, Stord kulturskule og Stord kunstlag.

Falturiltu er nær samarbeidspartnar med litteraturfestivalane bLest (http://www.blestlitteratur.no/) og SILK (http://silkfestival.no/).

Adresse: 5417, Stord Island, Hordaland, Norway
Telefonnummer: 95460749
By: Stord Island
Rute: 5417


Nærliggende lignende selskaper
Mekker’n Mekker’n 4 km Barneboka Mekker'n Her kan du bestille barneboka om Mekker'n. Mekker'n liker gamle ve...
Powertex Netthandel Mixed Media Norway As. Powertex Netthandel Mixed Media Norway As. 6 km Vi tilbyr alt av Powertex produkt i Norge, og har egen nettbutikk her; www.powertexar...
NELU ARTS NELU ARTS 83 km Eg selger heimelagde fuglehus med/uten fot som eg lager på fritida :-)
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler