Behovet for feiing variere etter mengden sot i skorsteinen. Feiing skal derfor skje etter behov og minst kvart kvart 4. år. Feiing blir varsla med lapp eller brev i postkassa nokre dagar før feiaren kjem. Dersom huseigar/bebuar ikkje kan væra heime må instruks på varslingslapp bli fylt ut og festa på utlagt stige eller på/ved ytterdøra. Manglar slik lapp vil feiing ikkje bli utført grunna fare for nedsoting. Er feiing ikkje utført vil huseigar få varsel om dette.
Feiing kan bli utsett på grunn av vær og vind. Det blir då sendt nytt varsel.
Det kan søkast om fritak for feiing og tilsyn dersom eit av punkta under er innfridd:
- Røykrøyrtilkoplinga er fjerna og holet i skorsteinen er mura igjen
- Det er ingen eldstad/peis tilknytt skorsteinen
- Eigedommen er registrert som fritidsbustad i Matrikkelregisteret
- Det har ikkje budd folk på eigedommen på lang tid (meir enn eit år).
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler