
Fjellestad Gardskjøken produserer gombe frå Gloppen i Nordfjord. Gombe er ein type søtost, som tradisjonelt har blitt brukt til lefser som fest- og høgtidsmat. Gombe smakar også godt til vafler og brød, som til dømes vørterbrød.
På Fjellestad har vi laga lokal mat av høg kvalitet i generasjonar. Oppskrifter og metodar har gått i arv, og tradisjonen ligg ihendene våre.
Fjellestad Gardskjøken har produsert gombe for sal i 30 år, og sel årleg 10-11 tonn gombe. Gomba vert forhandla av butikkar i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I tillegg kan du kjøpe produkt frå Fjellestad Gardskjøken gombe på ulike festivalar, marknader og direkte på garden. Ta kontakt for meir informasjon om utsalsstadar.
Neretunet
2 km
Neretunet i Kandal i Gloppen, Sogn og Fjordane
Vi produserer mjølk av geit og har i ...Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler