
Fjordamattunet tilbyr kurs og matopplevingar i særeigne omgjevnader i Jølster.
I tunet på garden til Bård Støfringsdal og Kjersti Wæhre er det laga til eit bakstehus i den gamle fjøsen. Der er det eit moderne kjøkken, stor vedfyrt bakaromn og bord til baking og felles måltid.
Fjordamattunet er bygd opp rundt Kari Støfringsdal sin unike kompetanse på tradisjonsmat og matkultur. Her har vi tilbod om kurs og matopplevingar som passar for alle, både arbeidskollegaer, organisasjonar, vener, familiar og dei som driv med lokal foredling eller servering. Maten vert laga i fellesskap, og det gode måltidet er ein viktig del opplevinga.
Om vi tek heile løa i bruk kan vi ha større arrangement. Løa vert også nytta som konsertarena, mellom anna under Førdefestivalen i juli.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler