Ei lite, idyllisk hytte for utleige.Ligger heilt nede ved sjøen og har ein fantastisk utsikt.
Vi har ei koseleg lita hytte på 60 m2 som er innreia oppå eit naust like ved fjorden. På den 3,5 mål store tomta vår er det god plass til både dykk og oss. Vi har òg ein del frukttre og bærbuskar, til dømes rips, kirsebær, moreller, plommer og eple, som de kan smake på. Hytta ligg på den solrike sida av Eidfjord 1,6 km frå Eidfjord sentrum.
”Fjordperlen” er ein solrik plass frå tidleg vår til sein haust. Midt på sommaren går sola ned i 21.30- tida, og det er lyst nesten heile natta, men om vinteren er sola borte nokre månader pga. høge fjell.
Fantastisk panoramautsikt frå både stove og soverom. Her kan ein nyte ein stille og roleg ferie, ein kan vere aktiv i naturen eller oppsøkje turistattraksjonar rundt i Eidfjord og elles i distrktet.
Fin plass for både store og små, frå fjøre til fjell. 25 minutt i bil så er du på Maurseth ved Hardangervidda i fint tur- og skiterreng. Skitrekk for små og store, samt flotte preparerte skiløyper på Maurseth om vinteren.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler