
Fotograf Runar Sandnes tilbyr foto- og videoproduksjon innan mange ulike sjangerar. Td. dokumentasjon, nyhende, profilering, dronefilming, arrangement.
Underteikna er video- og stillsfotograf med base på Reed i Gloppen kommune (Nordfjord). Har jobba som frilansfotograf ved sidan av fast jobb sidan 2007, og leverer ulike typar biletemateriale til både privatpersonar, lag, organisasjonar og media. Typiske oppdrag er filming av live-events (konsertar, framsyningar etc), festival- og konsertfoto, dokumentasjonsfoto for ulike typar arrangement, samt nyhendebilete og videoreportasjar for media. Eg har òg høve til å spele inn enkle lydopptak og VO (voice over). Dei siste åra har eg jobba ein del med videojournalistikk, og produksjon av diverse videomateriell. Eg har mellom anna levert nyhetsoppdrag for NRK Sogn og Fjordane, Firda, Sunnmørsposten, Bergens Tidende, Dagbladet, Bergensavisen, TV2 og Aftenposten. I tillegg har eg i flere år levert oppdrag for Norsk countrytreff, Malakoff rockefestival, Glopperock rockefestival, Matamål og Breimstafetten. Eg er godkjent droneoperatør med løyve frå Luftfartstilsynet (RO1), og har tryggleiksklarering frå Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (for fotografering og filming frå fly/helikopter).
"Fotograf og videoprodusent, med fokus på korleis hjelpe bedrifter med å synleggjere sine tenester og skape meirverdi. Tar òg oppdrag for private. Eg tar mange ulike typar fotooppdrag. Kontakt meg for ein uforpliktande prat!"Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler