Ønska å skape, uttrykke, og glede gjennom foto. Arbeider i all hovudsak med å bevise at ferdigheit og utdanning ikkje nødvendigvis er synonym :)
Kven er eg?
Mitt namn er Tormod Skår Midtbø. Eg fell under det vi kallar vidarekomen hobbyfotograf, med hovudvekt på portrett- og landskapsfotografering.
Eg vaks opp i ei lita bygd på kysten, der interessa for foto byrja å utvikle seg kring 2010. Å ha vokse opp med den storslåtte naturen som Folkestad har å by på, har påverka mine kreasjonar så lenge eg kan hugse. Med fjelltoppar og sølepyttar på alle kantar, tok det ikkje lang tid før fokus på detaljar og innovasjon vart nokre av mine sterkaste sider.
Kvar finn du meg?
Til hausten er eg å finne i Oslo, då eg skal studere der nokre år framover. I feriane oppheld eg meg vanlegvis på anten Sandane eller i ytre del av Fjaler kommune, difor eg eg tilgjengeleg i store delar av Sogn og Fjordane i gitte helgar og feriar.
Kva vil eg?
Akkurat no er målet å kombinere eit liv som student med fotografering - for å dekke hobbyutgiftene, samt å følgje lysten til å utfordre meg både teknisk og kreativt.
Sjølv om eg ikkje sit på ei grad innafor faget, har eg eit minst like stort behov for å glede mine kundar som ein profesjonell fotograf. Til gjengeld vil eg kunne operere med lågare prisar, og jamvel by på konkurransedyktig kvalitet og uttrykk gjennom mitt arbeid. Mitt største ynskje er altså å kunne løyse dine oppgåver på best mogleg vis!
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler