Glimt av store eller små frå kvardag eller fest.
Eg heiter Katrine Helgheim og er fødd i 1985. Glimt er mi vesle fotoverksemd. Eg likar godt å fotografera, og etter kvart har eg festa mange glimt til minnebrikka.
Eg er ikkje utdanna fotograf, men sjølvlærd. Gjennom å prøva meg fram har eg funne ut kva eg ynskjer å gjera og kva eg greier å laga. Det eg likar aller best, er å fanga augneblink. Glimt. Eg er ikkje så glad i å stilla opp folk og arrangera bilete. Eg føretrekkjer å fotografera det som skjer, det som er. Når det regnar i eit bryllaup, føretrekkjer eg å ta bilete med paraplyar og på stader utandørs der det er ly for regnet, i staden for å ta bilete inne i studioet. Når eg tek familiebilete, føretrekkjer eg å gjera det på stader familien har tilknyting til, anten det er heime eller på hytta eller ute på tur.
På denne sida kan du sjå nokre av bileta eg har teke opp gjennom åra. Det er lov til å lika og å dela, men ynskjer du å bruka bileta i andre samanhengar, ver venleg å kontakta meg fyrst.
Det same gjeld viss du ynskjer at eg skal fotografera deg eller dine. Send melding eller ring gjerne, så finn me ut noko saman!
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler