facebooktwitterpinterest

Anmeldelser, kontaktinformasjon for Fysio-Pilates Eli Grøtta Giske

Fysio-Pilates Eli Grøtta Giske

Info

Rolig treningsform med vekt på indre stabiliseringsmuskulatur i mage og rygg. Fokus på avspenning/holdning.Passer både for trente og utrente i alle aldrar.

Historie

Fysio-Pilates, kva er det?
Pilates er oppkalla etter Joseph H. Pilates (1880-1967). Fysip-Pilates har oppgradert metoden i tråd med fysioterapifaget. Det er eit treningssystem med fokus på å styrke dei djupe rygg- og magemusklane og balanserer dei ulike muskelgruppene opp mot kvarandre. Ein jober med å løyse opp spenningar og gjer ser nytte av pusten når ein utfører øvingane. Viktige element i fysiopilates er avspenning, haldning, styrke og fleksibilitet. Du trener i ei lita gruppe og dette gjer at du får individuell rettleiing til øvingane.

Fysio-Pilates for kven?
Treninga passer både for godt trente og utrente, kvinner og menn, unge og eldre. Fysio-Pilates vektlegg ei trinnvis oppbygging med gradvis progresjon. Det gjer at metoden er eit godt reiskap også for den som har fysiske plager. Fysio-Pilates ønskjer å gi deg ei positiv treningsoppleving anten du er i god fysisk form, er utrent eller har plager med til dømes rygg/nakke/skulder.

Litt om meg som Fysio-Pilates-instruktør:
Eg har jobba som fysioterapeut sidan 1989. Fysio-Pilates-utdanninga tok eg i Bergen i 2008 ved Studie-Pilates, Nordisk institutt for Fysio-Pilates. I løpet av utdanningsåret måtte ein ha både eigentrening og praktisk utøving i ei gruppe. For å bli godkjent Fysio-Pilates-instruktør har ein både skriftleg og praktisk eksamen. Treningstimane foregår i det nyoppussa Kjernehuset og her ligg det til rette for ei god treningsform i ei god atmosfære.

Fysio-Pilates, kvar?
På øya Giske, 12 km frå Ålesund sentrum, finn du Kjernehuset i Burmavegen 5. Tidlegare har det vore butikk og postkontor. Det er no oppussa til eit særeige og heimekoseleg treningslokale. Møter du opp i god tid får du oppleve venteromstua frå 60-talet. Namnet Kjernehuset kan assosierast til den djupe indre stabiliseringsmuskulaturen som også blir kalla kjernemuskulatur. Dessutan ligg huset midt i kjernen på den runde øya. Du finn her ei fredeleg atmosfære prega av ro og konsentrasjon. Samstundes som du bygg opp kroppen, vil du kjenne at øvingane gir avspenning. Dette kan eit kjærkome "pusterom" i kvardagen.

Eit deltakarsitat: "No har eg lært kva eg sjølv kan gjere for å motverke ryggplagene mine."

Adresse: Burmavegen 5, 6052 Giske Ålesund, Norway
Telefonnummer: 45425493
By: Ålesund
Rute: Burmavegen 5
Postnummer: 6052 Giske


Nærliggende lignende selskaper
Aspøya Fysioterapi og Manuellterapi Aspøya Fysioterapi og Manuellterapi 6 km Fysioterapi, manuellterapi, trening, såler, trykkbølge, Diagnostisk Ultralyd, screeni...
Kristin Evjen - Helse og Livskvalitet Kristin Evjen - Helse og Livskvalitet 7 km Fysioterapi, Spesialist i sexologisk rådgivning (NACSAC), Kognitiv terapi, Akupunktur...
House of Motion Aalesund House of Motion Aalesund 8 km Beste gymet i Ålesund
Delta Aktivt Delta Aktivt 8 km Fantastisk sted til å trene
Iformno Iformno 13 km Denne siden er for alle mennesker som vil ta vare på seg selv og sin helse samt ønske...
Moa Fysikalske Institutt Moa Fysikalske Institutt 16 km Vi tilbyr individuelle fysioterapi undersøkelser, behandlinger og har gruppebehandlin...
FRISK senteret AS FRISK senteret AS 16 km Var hos kiropraktor Torill Ødegård Årsvold. Veldig dyktig, kunnskapsrik og omtenksom ...
Moaklinikken Moaklinikken 16 km Fantastisk kunnskapsrik og kjekk kar. Anbefales på det sterkeste!
Ramsvik fysioterapi Ramsvik fysioterapi 18 km Utrolig dedikert og empatisk fysioterapaut. Følte jeg var i de beste hender hele veie...
Kommenter på dette stedet

Legg til dette kortet på nettstedet ditt;



Vi bruker informasjonskapsler

Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler