Verdas eldste seglande galeas
Galeasen Loyal vart bygd I Rosendal i 1877. Det er ei to-masta kravellbygd seglskute på 85 fot, og i motsetning til ei galeasrigga jakt, er skuta ein ekte galeas, sannsynligvis den eldste i verda som framleis seglar. Allereie då ho blei sjøsett, gjekk det gjetord om denne flotte skuta, og mellom sjøfolk fekk ho fort kjælenamnet “Kvitegaleasen". Du treng ikkje vera gamal sjøulk for å kunna fryda deg over synet av det vakre skroget og dei smekre linene på “Loyal”. Galeasen er fullt restaurert og er ein spektakulær båt for lystturar, representasjon, teambygging, firmaarrangement, utflukter eller tokt over fleire dagar. Lista over planlagde seglasar finn du på nett-sidene våre. Det er berre å ta kontakt og melda seg på. Du kan vera trygg på at det blir eit sjeldant og varig minne.
FASILITETAR
På dagsseglas har Loyal plass til 60 passasjerar. Overnatting for 18 personar.
Skuta har både øl- og vinrettigheiter. God passasjerkomfort, 5 dobbeltlugarar. Salong under dekk med servering og plass til inntil 50 personar. Ekstra god plass på utedekket med uteservering om sommaren. Galeasen “Loyal” kan leigast for dagsturar, på timebasis eller for opplevingsseglas over fleire dager. Vi kan laga opplegg med foredrag, kurs og underhaldning som passar for kundeturar, incentivturar, presentasjonar, møteverksemd, hyggetur, segltrening, venneturar, eventyrlege bryllaup og bryllaupsreiser.
OPNINGSTIDER
Loyal seglar og er disponibel for seglasar heile året.
PRIS
Ta kontakt for skreddarsydde opplegg og pristilbod.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler