Sofiehuset er ope for grupper på bestilling m/servering og/eller aktivitet, 8-40 pers mellom utstillingane og på stengte dagar.
Gåvekort er til sals heile året. Har du spørsmål, ring eller send epost!
Alltid i Eldhuset: keramikk, glas.
Galleri Hagalid, har 3 kunstutstillingar og kafe i året: vår - sommar - haust + førjulsope. Utstillingane er i dei restaurerte gardshusa Sofiehuset og Eldhuset samt i hagen nær gardstunet på Hagalid gard, høgt over Jøsenfjorden i Hjelmeland, Ryfylke. Her får du utsikt med innsikt! Spektakulær veg 10 minutt opp frå Hjelmeland sentrum
2018: Vårutstilling & kafe frå 17.3.-8.4. med to kunstnarar gjennom påska og fire helger: Gunn Lisbeth Gaarden, bilde og Karin Elisabeth Øvstedal, keramikkk. Kunsthandverk i Eldhuset. Opningsdagane: kl 12(13)-16, 4 helger + NB: i påskeveka onsdag t.o.m. måndag (2.påskedag).
Ta kontakt om du har særskilte behov, kanskje ting du før har sett i galleriet, me kan ha noko på lager! Gåvekort er alltid tilgjengeleg, ring eller send epost.
Alltid nytt i keramikk og glas i Eldhuset.
Imellom utstillingane: Grupper minst 8 personar med servering på andre tider og dagar på førehandsbestilling heile året. Firma, privat selskap, foreningar og lag inntil 40 personar.
Den store kollektive Sommarutstillinga med kafe går frå 16. juni - 26. august, på opne dagar kl 11-17.
Nye bildekunstnarar samt velkjente namn blir med. I 2017 var m.a. Annette Bryne, Jeannie Ozon-Høydal, Geir Nymark, Kristian Finborud, Ivar Haugen, Gunn Lisbet Gaarden og Hilde Thomsen med.
Kafe (sjølvbetening) med varm mat kvar helg heile sommaren: kraftig suppe med himabakt brød & smør (et så mykje ein vil) og kaffimat. Gratis inngong.
Under Sommarutstillinga er det og godt utval av smykke, klede og vesker/belter frå anerkjende norske kunsthandverkarar mm i Sofiehuset. I hagen finst det keramikkskulpturar.
Ekstra arrangement med kunsthandverkar i juli.
Haustutstilling 4 helger 29. september - 21. oktober. I det vakkert restaurerte og påbygde Sofiehuset er det då mest bilde og servering, i Eldhuset: keramikk og blåst glas, alt til sals.
Førjulshelg 23. - 25. november.
Fleire arrangement skjer ofte under utstillingane: kåseri, og presentasjonar av kunstnarar og kunsthandverkarar.
Vert og gallerist Hanne Sundbø er alltid på plass for å fortelja om de har lyst å høyra. Ho kan fortelja om Hagalid, kunsten eller mat og råvarer og høyra kva du elles ønskjer
Under utstillingane på opningsdagane: Vaflar, småbakst, kaffi/te, is, Grønvik eplemost, varm sjokolade alle opningsdagar. Skjenkerett for øl (lokalt), Hardangersider og vin. Lunsj/middag: Kraftig suppe med himabakt brød, flatbrød & smør kvar laurdag og sundag (slowfood).
Betaling: kontant eller kort.
Gruppertilbod heile året: Møte, seminar, kundetreff? Fødselsdag og jubileum? Feire bestemor? Mimrekveld med jobben? Sommaravslutning? Forskjellige aktivitetar og guida rusletur ute legg me opp ved ønskje.
Gratis parkering for gallerigjester.
Tlf til Hanne: 982 19 973 og 51 75 06 83 (Ryfylke Glød). epost: [email protected]. Pga dårleg mobildekning: send gjerne SMS og eg ringer tilbake!
NM: Galleriet er stengt fram til Haustutstillinga 29.9.-21.10 helger kl 12-17.
Galleri Hagalid består av to hus, Sofiehuset og Eldhuset med stor hage og flott uteanlegg rett før gardstunet på Hagalid gard i Hjelmeland.
Kafeen følgjer opningstidene til galleriet. Kaffimat med himabakst, skjenkerett. Varm kraftig suppe kvar opne helg.
Galleriet har ope for servering og omvisning for grupper på bestilling utanom galleriet sine opningstider. Garanti: utsikt med innsikt!
Det er alltid kunsthandverk i Eldhuset og noko grafikk til sals i Sofiehuset.
Årleg program: fleire utstillingar pr år i galleri med kafe i verneverdige og pent restaurerte hus, Sofiehuset og Eldhuset nær tunet på Hagalid gard, 5 km opp (10 minutt køyring) på spektakulær veg frå Hjelmeland sentrum i Ryfylke, Rogaland. Utgongspunkt for fottur til Skomakarnibbå (5 timar (t/r)
Avstand: ca 50 km frå Tau (ferje til Stavanger) langs Rv 13, Nasjonal turistveg Ryfylke. 70 minutt til p-plass Preikestolen.
Gratis inngong. Me tek betalingskort.
Utstillingsperiodar kvart år: Sommar: Kollektivutstilling med mange og nye, kjende norske kunstnarar og kunsthandverkarar med grafikk, maleri, keramikk, skinn/vesker, glas, tre, smykke, tekstil, vesker og belte (herrer). Separatutstillingar m/bilde vår og haust. Førjulshelg.
Kafe-servering, varm himalagd mat i helgene i tillegg til vaflar, is, eplemost kaffi/te, varm sjokolade. Skjenkerett.
Fleire arrangement under utstillingane.
Resten av året: Intime og særprega rom for møte, seminar og familiesamkome samt servering av himalaga mat med lokalt særpreg. Stor gruppemeny (8-40 personar).
Guida rusleturar i det vakre og spesielle kulturlandskapet og dei gamle husa på Hagalid, heiagarden som fekk veg og straum i 1960.
Hagalid - der ingen skulle tru - men me veit!
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler