Selskapslokale, Cafe, afterski
Den Gamle Gaard er eit tradisjonelt lafta Setesdalstun med historie i veggane. Her er årestove med god stemning rundt den open elden i grua. I nystova er det peis og "skåp og kvile". Her dekker me gjerne langbord for gjestar som vil nyte godt selskap i stemningsfulle omgjevnader.
I feriar har me gjerne open kafé og servering på Den Gamle Gaard. Utanom dette kan grupper bestille servering.
I nystova kan me dekke opp til 30 gjestar. For meir uformelle selskap med suppe eller fingermat kan også åresrova nyttast, og det er då plass til fleire. Me ordnar gjerne med underhaldning som til dømes felespel eller folkesong.
AFTERSKI
Nokre gonger i løpet av vinteren inviterer me til Afterski med god stemning! Datoar blir lagt ut her og på facebook.
MIDDAG
Innimellom inviterer me til middag eller andre tilstellingar på Den Gamle Gaard.
Bordbestilling til Thor på tel 907 62 901.
OPEN KAFÈ
Sommarferie, haustferie, juleferie, vinterferie og påske har me gjerne open kafé og servering på Den Gamle Gaard.
Opningstider blir oppdatert her før feriane.
Legg til dette kortet på nettstedet ditt;
Vi bruker informasjonskapsler og annen sporingsteknologi for å forbedre din nettleseropplevelse på nettstedet vårt, for å vise deg personlig innhold og målrettede annonser, for å analysere nettstrafikken vår og for å forstå hvor våre besøkende kommer fra. Personvernregler